torsdag 22. april 2010

Til Romsdal

Det teiknar til å verte ein fin dag.
Eg vaknar til sol, om temperaturen berre er litt over 0.
Denne dagen skal vi til fogderiet nord om oss, Romsdal.
Det er feiring av ein årmålsdag som ventar eit par dagar framme.


Ferga ligg klar på Festøya når vi er der. Det er bra vi ikkje er ute i siste minutt, for det vert fort mange bilar bak oss i køen.
Skyene som ei stund samla seg på himmelen, er i ferd med å verte borte, og det snødekte Skophornet ligg bada i sol.


Ørskogfjellet ligg bak oss. Det vart å ligge i kø frå Solevåg til Furneset, men køen var lang og heldt jamn fart, så det gjekk greit utan farlege forbikøyringar.
Men på veg opp på fjellet, passerte vi ein bil som nok hadde helde for høg fart.
Han stod i ein snøbarde, langt utanfor vegen, i ein sving.
Sjåføren stod på vegkanten og venta på redningsbil.

Så er vi på veg over Romsdalfjorden.
Frå bildekket på ferga ser eg inn over snøkvite tindar, lenger inne i fjorden.


Men utover fjorden, utover mot det opne havet mellom øyane og fastlandet, heng skyene over fjord og fjell.


Ferga rundar Moldeholmane, og sig inn mot Romsdalsbyen.
Han har vakse sidan første gongane eg kom med ferga over fjorden.
Den gongen var eg ung. Det var kjærleiken til ei endå yngre jente, som drog meg på ei ferd som den gongen tok ein dag med buss, ferge og mjølkebil, heimanfrå og fram til henne.

Fergene var og mykje mindre den gongen, enn dei store og moderne gassfergene som trafikkerar fjorden no.
Den gongen var Molde ein liten by ved fjorden. Han har auka i folketal sidan den gongen. I dag er det eit moderne hotell og ein stor fotballstadion som møter oss ved innseglinga.

Åra har gått sidan då.
No er det born og borneborn som dreg oss to attende til vakre Romsdal.


Så er vi framme.
Eg har vorte okupert av Helga, og må vere med i hennar dokkeleik.
Men eg får lov til ein liten tur ut på verandaen for å ta eit bilete mot søraust. Over fjorden og øya til tindane inne ved Innfjorden, og lengst bak Trolltindane.
Fjorden ligg blank og still framfor Den Heilage Øya, og over dei solkledde, kvite tindane, kvelver himmlen seg blank og blå.

Helga kjem og krev meg til bords.
Eg er visst litt treg, for stemma hennar er bydande når ho seier: Du må kome morfar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar