torsdag 8. april 2010

Bilder frå Roma - 2


Frå Piazza Venezia, der det store kvite kremkakehuset (monumentet over kong Victor Emanuel II som samla Italia i moderne tid) ligg på Capitolhøgda, går det ei lang, brei og bein gata mot eit monument frå gamal tid, Colosseum.
Langs denne gata står dei på rekkje og rad, dei gamle herskarane som eg las om i mi skuletid.
Ein av dei stikk seg fram kvar gong eg les soga om då Jesus vart fødd.
Vi slår av ein liten prat, men han er ikkje av den pratsame slaget.


Det gamle Forum Romanum.
Det var her makta hadde sitt sete.
Men jammen kunne dei vere nokre store despotar, dei gamle keisarane.


Her låg dei på rekkje og rad, bygga som representerte Roma, opp mot ei av dei sju høgdene byen var bygd på. Palatinerhøgda.
I dag er det berre ruinar igjen av det som eingong var sentrum i eit verdsrike.
Herja og plyndra av erobrande hærar gjennom århundra.


I enden av gata ligg eit bygg som har sett mykje liding og utrent blod.
Colosseum.
Det var Vespasian som sette arbeidet i gong i 72, og det vart fullført under Titus i år 80.
Med sitjeplassar til 50.000 menneske.



Ikkje langt frå den store cirkusbygninga, ligg ein av byen sine triumfbogar. Konstantin den store sin triumfboge. Reist i 315 til minne om sigeren ved Ponte Milvio.



Det var ein annan triumfboge som eg særleg ville sjå.
Titus sin triumfboge.
Eg gjekk mange gonger rundt Konstantin sin, og granska relieffa med omhug, men fann ikkje det eg leitte etter.
Så måtte det vere "feil" boge eg var ved.
Då ser eg ein anna triumfboge oppe på Palatinerhøgda.
Kanskje var det den eg søkte?
Og det var det.
Titus sin triumfboge, reist til minne om sigeren over det første jødiske opprøret (66-70), og øydelegginga av tempelet i Jerusalem i år 7o.



Vi gjekk attende til kremkakehuset gjennom Forum Romanum.
Ved utgangen møtte vi endå ein triumfboge.
Septimus Severus sin triumfboge. Reist i 203 til minne om sigeren over araberane og parterane i Mesopotamia på 190-talet.


Men også vår tid sitt Roma har bygt sine "triumfbogar".
Monumentet over Victor Emanuel II, og den ukjende soldat si grav, er eit slikt.
Monumentalt er det. Om det er vakkert vert eg ikkje heilt samd med meg sjølv om.



Men oppe i bygget er det ei flott utsikt til byen, og til fleire av kyrkjekuppelane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar