Betania. Ein dag for snart 2000 år sidan.
Byen ligg på austsida av Oljeberget, med utsyn mot øydemarka nedover mot Jordandalen.
På andre sida av Jordandalen reiser fjella i Moab seg.
Her var det Jesus kalla Lasarus ut av grava.
Og den hendinga kling igjen i namnet på byen i dag. El-Azarije. Lasarusbyen.
Men Betania tyder fikenbyen.
Det er to dagar att til usyrdebrødhelga som opnar påskefeiringa.
Med andre ord er det den 12 dagen i Nisan månad.
Etter konfrontasjonane inne på tempelplassen tek Jesus det med ro hos sine vener i Betania.
Og Simon den spedalske (er det ein som har vorte lækt av Jesus?) lagar til fest i heimen sin.
Framleis er det blå himmel over Jesus og venene hans.
Ei kvinne kjem inn.
Ei rik kvinne, for ho har med seg ei lita alabastkrukke, full av ekte og svært dyr nardussalve.
Ein i selskapet set verdien til 300 denarar. Det var omlag ei årsløn for ein mann på den tida.
Så hender det uventa.
Kvinna går bort til der Jesus ligg ved bordet.
Opnar krukka og slår salven ut over Jesus sitt hovud, så salven renn nedover hår og skjegg.
Det høyrest arge protestar rundt bordet, men Jesus seier. "Lat henne vere! Kvifor er de leie mot henne? Ho har gjort ei god gjerning mot meg. Ho har på førehand salva meg til gravferda mi."
Kvinna er ikkje nemd ved namn hos Markus eller Matteus, men Johannes skriv at det var Maria, syster til Lasarus som salva Jesus i Betania.
I bibelsk tid var det berre kongar og øvsteprestar, som ved innsettinga til sine tenester, vart salva på denne måten.
Kongane ved at salven vart slegen i ein ring rundt hovudet, i form av ein krans - ein sigerskrans.
For øvsteprestane vart salven slegen ut over hovudet i form av ein kross.
I same form som den hebraiske bokstane tav, eller den greske chi.
Første bokstav i Christos. Og Kristus - og Messias - tyder den salva.
Skal tru om kvinna slo salven over Jesus sitt hovud både som ein krans og ein kross?
Vart han salva både til konge og øvsteprest denne dagen, to dagar før påske, i Simon den spedalske sitt hus?
Der er to Betania i Jesus sitt liv. Johannes skriv at han vart døypt i Betania, aust om Jordan. Og her vert han salva i Betania, aust om Oljeberget.
Der er ei Maria som føder han til jorda, og her er ei Maria som salvar han til hans Kristus-gjerning.
Men det er ikkje berre fest denne dagen.
Judas er i kontakt med prestane.
Mørke skyer er i ferd med å samle seg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar