tirsdag 6. april 2010

Skatteoppgjer og Siena


Så kom skatteopppgjeret for i fjor.
Det var ikkje lysteleg lesing, desverre.
Som AFP'ar har eg ikkje hatt mykje att for å gjere ei løna teneste.
Eg kunne like gjerne gjort det gratis, for det har vore berre møde overfor offentlege organ.

Nei, eg får heller drøyme meg vekk frå restskatten, til då vi var nokre timar i Siena i Italia, påskeaftan for fire år sidan, enn å irritere meg over det eg lite kan gjere noko med.




Piazza del Campo.
Plazaen midt i gamlebyen. Her vert det to gonger i året helde hesteløp rundt plassen, og der ryttarane sit utan sal. Dei representerar ulike bydelar, og det er 10 av 17 bydelar som er med i kvart løp. Vinnaren haustar mykje ære og fagnad.



Katedralen i Siena.



Piccolomini-biblioteket inne i katedralen.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar