fredag 16. april 2010

Il Volto Santo - Det heilage Andletet.


Kristusikon. Moskvaskulen. 12.århundret.

Det er nokre som seier at dei mange ikonbileta , særleg dei eldste, har ei stor grad av samsvar når det gjeld utforminga av Jesus Kristus sitt andlet.
Langt hår, tynn bart og skjegg som er delt i to under haka, litt langt andlet og med litt skeiv nase.

Eg skulle gjerne vore i Italia no, i Torino.
Med bilett til romet der likkledet i Torino vert synt fram. Det skulle eg gjerne sett, men eg må nok vere nøgd med å sjå det på bilete.


Eg tykkjer det er ei spanande fortelling som vert utfolda omkring dette kledet.
Sjølv er eg like varsam som Vatikanet når det gjeld å vere sikker på kva sanninga om kledet er.
Men mange er skråsikre på at dette er likkledet Jesus vart sveipt inn. Andre er like sikre på at dette er eit kunstverk frå middelalderen, sjølv om Leonardo da Vinci nok er uskuldig i å ha laga det. Han var fødd rundt hundre år etter at den første skriftlege omtalen av kledet kom i 1357, då det første gong vart vist fram offentleg i den franske byen Lirey.
Men forskarane står på. Også norske.
Kanskje får vi eingong det endelege svaret på kor gamalt det er?
Kven personen på kledet er, får vi nok aldri vite.
Der er det berre den einskilde si tru som gir vedkomande svaret.


Men også to andre klede er omtala.
I ei legende tørka ei kvinne med namnet Veronika, sveitten av Jesus sitt andlet når han bar korset til Golgata. Då ho fekk duken attende, stod eit bilete av andletet hans prenta i den.
Og evangelia fortel at der låg ein sveitteduk over andletet hans i grava.
Det første skal visst vere i eit kloster i Spania, Santa Faz ved Alicante.
Medan det siste er i eit italiensk kloster, i Manoppello i Appeninnenfjella. Sjå biletet under.


Ser eg ein likskap i utforminga av andletet på desse gamle kleda, og dei eldste Kristusikona?
Er det desse to kleda som er grunnbileta for korleis Kristus vert skildra på dei gamle ikonbileta?

Korleis andletet har kome på kledet kan ikkje forskarane gi svaret på , korkje ved Torinokledet eller ved kledet i Manoppello. Men dei er samde om at målingsrestar finn dei ikkje. Og dei er frå ei tid då den fotografiske prossesen var ukjend.
Det skal verte spanande å fylgje med i kva forskarane finn ut om desse kleda i åra som kjem.
Men kanskje vil tru og overbevisning spele største rolla i svara den einskilde kjem fram til, i desse sakene og.
Slik vi har sett det demonstrert i Eia sin Hjernevaskprogram på fjernsynet.


Christos Pantocrator (Kristus allherskaren) Ikon frå Sankta Katarinaklosteret i Sinai. Omlag år 550. Det eldste kjende Kristusikonet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar