onsdag 14. april 2010

Ei mus

Eg sat ved verandadøra og las.
Ute skein sola inn over verandagolvet, og eg såg restar av fuglematinga i vinter ligge utover golvborda.
Det dukka opp ein tanke om at eg burde leite fram kosten og få dei vekk, men eg vende attende til boka. Det vert nok helst: -i morgon, i morgon, men ikkje i dag, som ein syng i ei vise.
Då dukka det opp noko som rører seg i utkanten av synsfeltet mitt. Og ute i sola på verandagolvet er der ein liten skapning som leitar etter mat i frørestane.
Ei lita mus spring der ute.
Eg sit ei stund og ser på den vesle, vakre, skapningen.
Kva vil skje om eg opnar døra og går ut?
Vil ho pile til næraste gøymestad?


Ho gjer ikkje det. I staden let ho seg lett fange, og eg står der med henne mellom hendene.
Skal eg gjer som katten hadde gjort med ei anna mus tidlegare på dagen?
Leike meg med henne litt, før eg endar livet hennar?
Eller skal eg fylgje jannitane i India si lov: Du har ikkje lov å ta sjølv det minste liv?


Eg vel det siste og slepper henne ned, mitt i restane etter fuglane sin solsikkefest.
Og der vert ho verande roleg og still, så eg får god tid til å feste henne på databrikka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar