lørdag 3. april 2010

Påskeaftan

Det påske i Jerusalem
Helg.
Fest.

Før påskehelga kom, vart Jesus døde lekam, i all hast lagt i Josef frå Arimatea si grav.
Ei grav som Pilatus har forsegla, og med romerske soldatar på vakt utanfor.


Læresveinane har stengt seg inne bak låste dører.
Hjå dei er det sorg, frykt og mørker som rår.
Men nokre kvinner er i arbeid med å lage godluktande salvar denne dagen.
Salvar dei vil bruke neste morgon til å salve hans døde lekam med.

Men i den verda våre auge ikkje ser, var det ikkje stille.
Jesus lekam kviler i grava, men ikkje anden hans.
Peter har ei forunderleg lita setning i sitt første brev:
"han døydde lekamleg, men vart levandegjort ved Anden, og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap."


I dei såkalla Bartolomeus- og Nikodemusevangelia les eg korleis denne vesle setninga i Petersbrevet, seinare vert utvida til dramatiske og detaljerte fortellingar.

Ute vert vårteikna fleire.
Selja står med bresteferdige gåsungar, og inne ved veggen blømer krokusen.
Men framleis er det 25 cm snø att på min faste måleplass.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar