søndag 4. april 2010
God Påske
Den første dagen i den nye veka etter påskehelga er alt mange timar gamal, men framleis ventar vaktmennene ved grava på solrenning og vaktskifte.
Etter ei lang og roleg vakt, kjenner dei seg trøytte.
Men brått bråvaknar dei.
Eit veldig lys, mest som eit lyn, blendar dei.
Lamslegne og blenda fell dei til jorda.
Når dei etter ei tid igjen byrjar å sjå trea og buskane i gravhagen, ser dei til si redsle at seglet på grava er brote, og steinen for opninga, ligg velta ned på bakken.
Dei spring til og ser inn i grava, og det dei ser er ei tom grav.
Dei ser forferda på kvarandre, og tek så snaraste vegen attende til romarborga for å gi rapport om hendinga.
Ved solrenning er kvinnene på veg til grava med si salvekrukke, medan dei undrast på kven dei skal få til å hjelpe seg med å ta bort gravsteinen.
Då dei kjem fram, ser dei at steinen alt er velta ifrå, og grava ligg opa.
Men då dei går inn, finn dei ei tom grav. Jesus lekam er borte.
Dei skundar seg attende for å fortelje læresveinane kva dei har sett.
Dei tek det for kvinneprat, men Peter og Johannes skundar seg ut til grava, og finn at kvinnene si fortelling var sann.
Det einaste som er der er ansiktsduken og likkledet.
Utover dagen får fleire av dei møte den oppstadne, ta på han og ete saman med han.
Men dei har vanskar med å fatte at det er han, for best som dei er der åleine, så står han midt imellom dei. Trass i at døra var stengd.
Sorga og frykta sitt mørke, vert bytt i glede og lys hos Jesus sine vener.
Er fortellinga sann, eller er det oppdikta eventyr?
Mange i heile kristendomen si soge, også i vår tid, hevdar at det er oppdikta myter.
Men det beste beviset for at det verkeleg hende, er nok det utrulege i fortellinga.
Ingen ville kome på å dikte opp noko så totalt framandt og utenkjeleg i både jødisk, gresk og romersk kultur.
Og så i tillegg la kvinner vere sanningvitne.
Paulus skriv:
"Korleis kan somme av dykk sei at døde ikkje står opp? For står ikkje døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp. Men har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår gagnlaus og trua dykkar gagnlaus. Då står vi som falske vitne om Gud.
...
Men no er Kristus oppstaden frå dei døde." (1.Kor.15)
Jesus lever, gravi brast!
Han stod opp med guddoms velde.
Trøysti står som fjellet fast,
Kristi strid og blod skal gjelde.
Lynet blinkar, jordi bever,
gravi brast, og Jesus lever.
Eg har vunne, Jesus vann!
Mørkheims makt for honom rømde;
Krist or gravi utgang fann
og for evig døden dømde.
Open har eg himlen funne,
Jesus vann, og eg har vunne.
God Påske i namnet åt den oppstadne, dødens overvinnar, Jesus Kristus!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar