onsdag 7. april 2010

Bilder frå Roma - 1


Det vårast.
Dei snøfrie områda på markene vert større for kvar dag.
På min faste målestad for snødjupn, er der inga snødjupn å måle lenger.
Men eg undrast.Kor lenge vil det ta før denne snøhaugen er borte?


Då var det annleis i Roma, påskedag i 2006.
Der var det sol og vårvarme, og ikkje mykje trafikk forbi den gamle Sankt Angelo festninga. Bygd av keisar Hadrian på 13o-talet, for å vere hans mausoleum.


I år var Petersplassen dekt av paraplyar under påskemessa.
Det var det lite trong for, denne dagen.




Flotte fontener av Bernini på Piazza Navona.


Piazza Navona var ei veddeløpsbane i det gamle Roma.


Pantheon.
Bygd som heidensk tempel under keisar Markus Agrippa, men berre portalen står att av den bygninga. Seinare på 120-talet bygde keisar Hadrian den noverande bygninga. Pantheon vart vigd til kyrkje på 600-talet.



Fontena alle må sjå.
Trevi-fontena.


Kast ein mynt over skuldra ut i fontena, og du kjem, ein eller annan gong, attende til Roma.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar