fredag 2. april 2010

Fredag i den stille veka.


Langfredag.
Ein forunderleg dag.
Dei ytre hendingane er greie.
Det er ikkje få bøker som er skrivne for å prøve å nøste opp og forklare dramaet.

Øvstepresten med sine støttespelarar hadde det travelt dette døgnet, etter at dei fekk Jesus i hendene.
No skulle han fjernast før påska byrja.
Og det greidde dei.
Før påska er der, er Jesus krossfesta, død og gravlagd.

Men det dramaet som spelar seg ut i den verda der Gud er.
I den verda som er usynleg for våre auge.
Det påskedramaet kan den rasjonelle tanken ha større vanskar for å ta til seg.
Det dramaet som er ein av grunnsteinane i den kristne trua.
Berre 3 av 10 trur det, stod det i Vårt Land for nokre dagar sidan.


Påska er kjærleiken og korset sitt store mysterium.
Her strekk ikkje vesle vitet til.
Her må det ei tru til for å stø oppunder. Som Ivar Aasen formulerte det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar