onsdag 28. april 2010

Kva er å sjå?

Dei tre vandringane langs pilegrimsvegen gjennom sørvest-Frankrike var rike på inntrykk.
Både gjennom det å vandre langsomt gjennom eit ukjent landskap, vitje gamle og nyare byar og landsbyar.
Og ikkje minst av å kome inn i dei mange små og store kyrkjene, rike som fleire av dei er på kunstnarlege uttrykksformer.

Men der har vore eit sakn hjå meg.
Eit sakn som var sterkast første året, fordi eg då hadde svært lite kunnskap om kvar eg var i høve til eit større landskap enn det pilegrimsvegen snodde seg fram i.
Kva hadde hendt der før, i tidlegare tider?
Eit eksempel: I ein liten by bar torget namnet etter ein bestemt dato under verdskrigen. Det gjorde meg nyfiken på som hadde hendt den dagen, men eg fekk ikkje, og har ikkje fått svaret på det.
Og kva var det eg ikkje fekk med meg frå kyrkjekunsten?
Til dømes: Kva er soga til dei mange heilage menn og kvinner som prydar kyrkjene?
Lutheranaren i meg er heilt framand for denne delen av kyrkjesoga, men vandraren i meg ville gjerne ha visst det.

Dei to neste åra hadde eg kjøpt meg ei lita tysk pilegrimsbok som fortalde meg litt.
Men no er det vegen i Spania som ventar på ei sakte vandring vestover.
Og då har eg gjort eit grep for å fylle denne trongen min.
Rett nok er vekta av det ein ber med seg viktig. Den skal vere så lav som mogeleg. Og dette grepet mitt veg ein halv kilo.
Men eg vel å sjå forbi det. Eg får før la noko anna vere att heime.

Det er bok eg skriv om. Inga rutebok som fortel om kvar ein skal gå, men ei bok som fortel om kva som har hendt langs vegen i tidlegare tider, og om kva som er verdt å gi litt tid, stanse opp og late augene kvile på, på vegen vestover.

Eg har så smått byrja å lese meg opp, og kjenne på spenninga, forventinga til det som ventar av opplevingar langs Camino Frances til hausten
Boka skal få sin plass i sekken, slik at den er lett å få tak i.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar