søndag 18. april 2010

Og Han sa

Fortellinga frå stranda ved Genesaretsjøen, der læresveinane igjen møtte den oppstadne Jesus Kristus, har eit framhald etter fiskefangsten og måltidet som eg fortalde om sist søndag.
Og det framhaldet er evangelieteksta ved gudstenestene denne søndagen.
Denne søndagen då erlerida held fram med å farge bygda kvit med nyfallen snø. Og oskeskya frå vulkanutbrotet på Island stenger luftromet over nord-Europa for all flytrafikk, og med all tydlegheit viser kor sårbart vårt moderne samfunn har vorte.


Utanfor Peterskyrkja på stranda ved Tabgha, står to skikkelsar mellom trea. Skikkelsane er forma i svart stein.
Den eine kneler ned med hendene halvvegs lyfte mot den andre, som på si side retter hendene velsignande ut over den knelande.

Johannes fortel at Jesus tok Peter med seg på ein spasertur etter måltidet denne morgonen.
Og at han under turen på stranda tre gonger spør Peter om han har han kjær, og Peter må tre gonger svare at det veit Jesus. Han veit at Peter har han kjær, trass i at han i øvstepresten sitt hus, tre gonger svor på at han kjende ikkje Jesus.

Trass i Peter sitt svik, er det Peter som av Jesus vert vald til å vere den første mellom dei tolv, og tre gonger får Peter høyre at han skal ta seg av dei som kjem til tru på Jesus som Messias. - Fød lamma mine - Gjet sauene mine - og - Fød sauene mine, er orda Peter får høyre frå Jesus, og i dei orda ligg grunnlaget for prestetenesta, hyrdetenesta i Kristi kyrkje. Og at den romersk katolske kyrkje har Peter som grunnvoll for si teneste.
Men endå eit ord gir Jesus Peter, og det er: Fylg meg.
Sentrum er og vert Jesus. Ikkje eg eller vi, med kva vi så tenkjer ut er ei betre retning å gå i for oss moderne menneske.

Det er mange, også prestar, som i våre dagar ikkje vil stå på den grunnen kyrkja har hatt sidan starten etter Jesus si oppstode. Helge Hognestad er ein av dei, men der er fleire enn han.
Dei presentarar ein annan bodskap som dei synst høver betre i vår "moderne" tid.
Men Jesus sine ord og liv er framleis den einaste grunnvollen kyrkja har å stå på.
Jesus sine ord til Peter er framleis den einaste retningsvisaren for han tenarar: Fylg meg. Og arbeidsinstruksen er framleis den same; Fød lamma mine, gjet sauene mine og fød sauene mine.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar