onsdag 2. april 2014

Fagre dekorasjonar

Eg hugsar attende til Alhambra i Granada kor den fagre mauriske utsmykkingsstilen i bygningane fengsla meg med sin rike dekor. På den vesle rundturen vår i Marokko møtte vi denne stilen att i rikt mon. Både i eldre bygningar som portane i bymuren i Marrakech og i  gravmausoleumet. Men og i mykje nyare bygningar som moderne restaurantar, og som her i eit stort palass frå 1800-talet.

På byrjinga av det århundret var det ein slave som avanserte til å verte storvisir i Marrakech, og når ein får makt, så vil ein gjerne syne det att i noko som ruvar, så han byrja å bygge eit palass til seg. Sonen hans, som og vart storvesir, heldt fram med bygginga til det vart eit mektig bygningskompleks. I dag er det staten som har råderetten over palasset, men den vanlege mann kan få kome inn i det som var den avstengde delen - for storvesiren, hans 4 koner og 24 konkubiner. Og det er frå denne delen desse bileta er henta, og som viser noko av den rike utsmykkinga i den delen av palasset.

Men møblar var der lite att av i haremsdelen, for det hadde seg slik at storvesiren nok var ein hard mann. Så då han døydde gjekk alle kvinnene hans laus på roma sine og plyndra dei for inventar, i skarp konkurranse med vreide undersåttar som hadde lede vondt under storvesiren sitt harde velde. I dag er palasset under restaurering for å føre det attende til si fordums prakt. Kongen brukar det når han er i byen, og elles brukar staten det til representasjonslokale og offentlege kontor. Men det var berre haremsdelen av palasset vi fekk sjå inn i. Heilt utan møblar, men med rik og fager utsmykking av veggar og tak.
 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar