onsdag 30. april 2014

Den ufullendte


Det ruvar tårnet, sjølv om det ser noko uferdigt ut, der det stikk opp over ein nyare mur enn dei gamle bymurane eg har sett før i Marokko.
Porten inn til området er og av ei nyare dato.  Og i tillegg vert den vakta av to menn til hest, i vakre uniformer. Det har eg ikkje sett før under ferda. Er det tårnet dei vaktar tru?
 

Det er nok ikkje det, for bak muren ligg der eit staseleg kvitt bygg. Det er det kongelege mausoleumet. Då Marokko fekk sin fridom frå Frankrike i 1956, stod kong Muhammad 5. på denne staden og takka Allah for fridomen. Og då han døydde vart han gravlagd her, og sonen, kong Hassan 2. reiste mausoleumet. Seinare vart han sjølv og gravlagd her.
 

Men eg vart ikkje med straumen inn i mausoleumet. Det var den store plassen nedanfor. Plassen med alle søylestumpane og det uferdige tårnet i enden av plassen som hadde mi interesse.
Det er ikkje alltid det går slik som ein planlegg, heller ikkje for mektige sultanar.
Sultan Yacoub a-Mansour ynskte å reise den nest største moskeen i den islamske verda, og med den høgste minareten 86 meter høg. Men slik gjekk det ikkje, for då han døydde i 1199 var ikkje draumen ferdigbygd, og sonen ynskte ikkje å fullføre arbeidet. I staden flytte han sin residens til Fes, og let den ufullenda moskeen og minareten stå der. Minareten hadde då nådd ei høgde på 44 meter og der moskeen skulle vere står der 200 søylerestar i dag. De var nok høgre i starten, for det vart lagt tak av tre over den ufullenda moskeen, men det fall saman ved det store jordskjelvet i Lisboa i 1755. Men sjølv i dag gjer den store plassen med alle søylene, og det raude tårnet i enden, eit mektig inntrykk.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar