mandag 31. mars 2014

Graver

Sidan eg er eks-kyrkjeverje veit eg litt om kva som rører seg mellom folk når det er tale om kyrkjegardar og graver. Det har ført til at under vandringane i Frankrike og Spania, og under turar rundt om i fedrelandet, så har augo mine søkt til korleis dei ter seg med gravstadane i dei ulike områda. Men om gravene i andre land enn heimlandet, i utskjånad har skilt seg sterkt ut frå det eg var van med i mitt yrkesliv, så var det ingen ting å sei på stellet av dei. Unntak har eg sjølvsagt og sett.
No skal eg ikkje uttale meg om sed og skikk i Marokko, til det har eg sett for lite av det. Men dei få gravstadane eg såg medan bussen køyrde forbi dei små brunraude landsbyane, må nok kome inn under unntaka. Eg er redd for at om dei kyrkjegardane eg hadde ansvaret for, hadde sett ut som dei, då hadde eg nok  fått kraftig kritikk, både offentleg og direkte refs. Men folk sine kjensler overfor graver er ikkje det same i alle land, så ein skal vere varsam med å døme.
Men ein skilde seg sterkt ut i høve til dei andre eg såg. Det, i tillegg til at det er ei av Marrakech sine største attraksjonar.
I tillegg så er det ein gravstad som var gløymd i mange hundre år. Frå 1672 til 1917, endå den ligg rett innanfor murane til medinaen.

Og då må eg endå ein gong attende i soga til det omtala året 1672. Då samle eit nytt, hardt og arabisk dynasti makta i landet, og den nye sultanen reiv alle bygningar som representerte det gamle saadi-dynastiet. Men innafor murane til Marrakech-medinaen låg gravene til saadi-familien sine herskarar, i det hundreåret dei sat ved makta. Og desse bygningane øydelegg den nye sultanen ikkje, men murar dei inne, og stenger dei ute frå omverda. Over hundre graver, av dei 66 frå saadi-familien, vert gøymde og gløymde heilt fram til 1917.
I 1917 var det franskmennene som var herrar i Marrakech, og dei ville ha bilete av byen sin medina frå lufta, og då vart det oppdaga eit ukjent område bak høge murar. Det var saadi-gravene.

Bussen stansar utanfor ein av desse vakre portane i bymuren. Ja, dei er vakre og ulike dei mange portane i den gamle byen. Eg kunne stå lange stunder å nyte synet av korleis dei er forma og smykka. Vel inne bak muren går vi eit lite stykke før der er ein ny port, og bak den trange gater og smug, og så er vi inne i ein liten hage bak høge murar. På det grøne graset ligg det flate, flisdekte heller. Det er gravene til tenarane og soldatane.
I eit hjørne ligg eit raudt hus med opne portar inn i huset.

Inne i denne bygninga ligg gravene frå saadi-familien. Utanfor i hagen er dei andre gravene. Nokre med flat topp, andre med ein slags kjøl, og alle dekorete med fajansefliser.
Dei flate er kvinnegraver, medan dei med kjøl er mannsgraver.

Saadi var ein stor persisk tenkar og poet, ein sufi. og truleg var dette dynastiet sterkt påvirka av Saadi sine tankar, og gjorde at sufismen kom inn i Marokko. Den største av saadidynastiet var Ahmad al-Mansour (1578-1603)



Innvendig er bygningen pryda med søyler, vakker fajansemosaikk, stukkatur og sedertre.

Eg kan ikkje kalle det anna enn fagert dekorasjonsarbeid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar