søndag 6. april 2014

Mot høgare lende

Det nærmar seg at vi skal forlate oasebyen Marrakech, og reise ned til kysten. Men først ein smak av Atlasfjella. Ein dagstur med kraftige bilar med drag på alle fire hjul. Og kanskje er det godt vi ikkje veit kva som ventar, for det vert til dels på vegar eg ikkje hadde tort å køyre sjølv.
Dei to siste kveldane hadde vi sett kraftige lyn i horisonten, og det viste att på vegane vi kom til å køyre. Når vi starta om morgonen var der regn i lufta, men det letta etter kvart,men dei høgste fjella låg gøymde i skyer og dis.

Nede på flatlandet var gjetarane ute med sine saueflokkar på dei steineste og brune markene, der vi suste forbi mot fjella på gode vegar, men det skulle endre seg. Etter å køyrt gjennom eit par landsbyar byrja vegen å stige oppover lia. Svig etter sving, høgre og høgre kleiv bilane. Grannen min i baksetet hadde klokke med høgdemålar, og han heldt meg orientert etter som høgdemeterane auka på. Og dei steig fort avgarde. Oppe på 1200 meter vart der ein pause ved ein berberrestaurant. Og med høve til toalettvitjing. Det heldt ikkje heilt ein standard som alle var like nøgde med. Men må ein, så må ein.  Der var det og høve til å sjå utviklinga frå før til no når det gjaldt husmora sin arbeidsplass, kjøkenet. Frå den enkle grua til eit litt betre utstyrt kjøken av i dag. Men eg trur mi kjære hadde følt seg sett mange år attende skulle ho hatt slike arbeidsvilkår. Det er nok langt meir moderne i byane.
Utvendig er husa berre ein vegg av stampa jord, men innanfor veggene er opphaldsroma med den opne uteplassen midt i huset. Og sidan husa er av stampe jord, krev det nok ein god del vedlikehald og reparasjonar etter vinterregnet. Vi såg fleire som var i full gang med slikt arbeid.                              
                                                                             På "restauranten" fekk vi sjå korleis nasjonaldrykken te, mintete, vert laga, før vi igjen tok plass i bilane. Eit bel etter kom vi til ein landsby med skule. På skulane flaggar dei alltid med det marokkanske flagget. Eg har elles aldri sett så mykje flagging som i Marokko. Over alt hekk det raude flagget.                                          I den landsbyen tok bilane av frå vegen, smaug seg mellom husa og ut på kanten av bratta ned mot dalbotnen langt nede. Vel forbi husa kom vi bort frå stupet og byrja klatringa igjen. Men vegen hadde vorte av ringare kvalitet. Under oss låg fleire store landsbyar, mange på kanten av bratte "stup". Og det var ikkje vanskeleg å sjå kva husa var laga av. Den raude jorda var rundt oss heile tida.
Så, framfor oss dukka det opp ein ny landsby på kanten av lia, og med moskeen sin minaret ragande opp over dei lave husa.
Vel forbi var vi oppe på det høgste punktet på turen vår i fjella. 1600 meter sa min sidemann. Men det er ikkje så høgt når ein hugsar at HøgAtlasfjella har toppar på over 4000 meter, men dei var gøymde for oss bak skyer denne dagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar