søndag 20. april 2014

Han er oppstaden

Før påskesabbaten vart varsla med hornlyden frå tempelmuren, tok dei hans døde lekam ned frå krossen, stelte han, og la han i ei tom grav som låg like ved. Og gravopninga stengde dei med ein stor stein.
I solrenninga, om morgonen då påskesabbaten var over, kom nokre kvinner til grava og fann at steinen som stengde var flytta bort frå gravopninga, og endå meir sjokkerande for dei, grava var tom.
I dag sit eg i ein solfyllt morgon og ser på eit bilete av ei tom grav der steinen er rullla tilsides. Om denne grava har vore tom, det veit eg ikkje, Det betyr heller ikkje så mykje for meg, men det som betyr mykje for meg er at kvinnene den morgonen fekk møte han som hadde lege i grava, møte han  ansikt til ansikt. Den døde var ikkje død lenger. Han var stått opp. Han hadde brote dødens makt.
Derfor er påskemorgonen sin bodskap for meg kristentrua sin største bodskap til oss som menneskeætt. På den bodskapen bygge eg mi tru. Han lever, og vi skal få leve ved hans oppstode.
Som Paulus skriv at hadde ikkje Messias stått opp frå dei døde så er mi tru gagnlaus og til inga nytte, Då er eg ein store dåre som fester lit til eit eventyr. Men no er Messias, Kristus, stått opp frå dei døde. Mange var dei som fekk møte han og kunne vitne at den døde levde igjen.
Foto: Hanne Lise Velle
I natt var mi kjære og eg, saman med mange andre,  til påskenattsmesse i kyrkja vår. Og etter messa stod vi med levande lys hendene, i ei lang rekke, på begge sider av vegen frå kyrkja og ned mot kyrkjegardsporten, og song "Dei være ære, Herre over dødens makt. Evig skal døden være Kristus underlagt. Lyset fyller haven, se en engel kom. åpnet den stengte graven. Jesus grav er tom." ut i nattemørkret. Det er like sterkt kvar gong. Og om litt skal vi til påskedagsgudsteneste for å feire oppstodedagen, vonleg i ei fullsett kyrkje. Sjølv om sola skin frå ein klår himmel og det er nydeleg turvær.
God påske.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar