fredag 18. april 2014

Mysteriet


På ei gamal dør inn til katedralen i Leon, stig langfredagsdramet fram.
Ei kunstnar har med kniv og jarn, og med stø hand skore ut fleire av påskehendingane i ei eikedør. Dette er eit av bileta. Etter som åra har gått har vind og vær fått gjort si gjerning på døra, og slite på arbeidet han ein gong gjorde.
Men framleis fortel bileta om det som hende den gongen i Jerusalem. Ei påske for snart 2000 år sidan.
Snart skal eg i kyrkja for igjen å høyre lest fortellinga om langfredagen si lidingssoge. Ei fortelling om nattleg arrest, hastig rettargong, tortur og til slutt korsfesting og død.
Ikkje noko vakker soge, men kvifor hende det?
Svaret på det er ulikt frå kven det er som gir svaret, og kva ståstad den personen har til hendinga.
Eit av svara, som kristentrua gir, er at han måtte døy for frelse oss frå våre synder. Og det er nok sant, men for meg har det svaret vorte for enkelt. Eg trur grev vi oss ned i soga så finn vi djupare lag i fortellinga. Og til slutt endar vi opp i eit stort mysterium der Gud og Jesus er hovedpersonane i det som hende, og Pilatus og prestane vert bipersonar.  Bibelen har mange trådar som peikar i retning av noko vi kan ane, men nok aldri kan skjøne heilt ut. Men at hendinga ikkje hende heilt tilfeldig kan vi skjøne av at Jesus var førebudd på hendinga lang tid i forvegen, og gjekk inn i den med opne auge. Det var noko som måtte skje for å oppfylle all rettferd, som han sa ein gong. Ein vond dag, men paradokset er at den og er god. På sitt vis.
Den lange fredagen heiter det på vårt mål. Den gode fredagen er den kalla på engelsk mål.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar