tirsdag 8. april 2014

Opp er ein ting, ned att noko anna

Bilane gjer ein stogg oppe på det høgste vi kom på turen. Bortanfor er der eit lite dalsøkk før ein ny fjellrygg klatrar opp mot skyene. Dei kjem mest bort i landskapet desse berberlandsbyane. Jorda er raud og husa i landsbyane er bygda av den same raude jorda, så husa kryp godt inn i omgjevnadane. Men ser ein godt etter, så ser ein ein landsby nede i dalsøkket, og ser ein endå betre etter, så ligg der ein landsby mest heilt oppe på fjellryggen og. Ein ser mest betre dei få grøne trea rundt husa betre enn landsbyane.                                                                                                  

Å kome opp bakkane er ein ting, å kome ned att er noko anna. No står turen ned frå fjellet att. Sving etter sving ned den bratte lia mot flatlandet langt der nede. Nokre stader i lia er det rydde bort stein til ein liten jordflekk, men for det meste er det stein og grus heile vegen ned. Nokre kvinner går og leiter etter ei slags plante mellom steinane. Eg ser dei drog plantene opp med røtene og stapper dei i ein sekk. Kanskje ei slags krydderurt. Men om lia er steinet, er vegen og steinet. Smal, ujamn og steinet. Eg prøver å halde hovudet nokonlunde der det skal vere, men lukkast lite med det slik bilen ristar på det ujamne underlaget.
 
Men så dukkar det opp ein landsby ned for oss. Det er von om at hovudskakinga snart er over.  Så er vi der, nede ved husa. Her er markene grønar og meir steinfrie. Bortover dei grøne flatene ser vi gjetarar med sine dyreflokkar, og kvinner og born som er i arbeid med eit kvart.

 
 
 
 
Men turen ned hadde meir i vente. Om det var regnet dei to siste nettene som var årsaka, eller kva, veit eg ikkje, men no tok bilane av på ein smal veg oppover og bortover gjennom lia. Og det ein veg som bar tydelege spor av at det hadde regna godt for ikkje lenge sidan. Det vart ein spanande tur i flogbratte lia. Vegen var ikkje stort breiare enn at bilane kom fram. Somme stader hadde regnet i tillegg teke vegkanten med seg så der var djupe skar inn i vegen. Eg følte meg til tider som ein deltakar i TV-programma om farlege vegar. Men med dyktige sjåførar kom vi sikkert fram, sjølv om nokre nok tykte at spenninga ved turen var i høgste laget. For meg vart det ein flott tur opp i fjella, og ei spanande vegoppleving som eg nok ikkje vil kome til å få her heime.






                                                                                                                                                                                   

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar