torsdag 10. april 2014

Essaouira

Så er vi ved kysten der Atlanterhavet sine bylgjer bryt inn over strendene. I eit frodigare og grønare landskap enn i innlandet under dei høge fjella. Og vår første stoppestad er Essaouira. Då bussen stoggar på utsiktsstaden oppe på åsen innanfor byen, ser vi den ligge ute ved havet. Ikkje raud som Marrakech, men kvit.

Og rett utanfor byen skimtar vi Mogador-øya. Kanskje var det den som var starten til byen. For der slo dei seg ned i tur og orden dei sjøfarande fønikiarane, grekarane, kartagenarane og til slutt romerane. Og årsaka var purpur. Dei fann store mengder purpursneglar som dei klarte å utvinne purpurfargen frå. Og purpurfargen i kle var av det dyraste og finaste ein kunne få. Det var berre dei mektigaste som kunne ha råd til slikt. Så når Moses får vite at kvar mannleg isrealitt skal bere eit bønesjal under bøna, så får han og vite at i hjørna av sjalet skal der vere ein dusk av trådar, og ein av trådane skal vere farga med purpur.     
                                
På 15-1600 talet prøvde Spania, England, Portugal og Frankrike å etablere seg i her. men måtte gi opp, og det var berberane som klarte å halde området, og på 1700-talet bygde Muhammed III festningsmuren mot havet, og byen med hjelp av ein engelsk renegat og ein fransk ingeniør. Som eit synleg teikn på det, er der over byporten ein tavle som fortel det, og i tillegg er der symbol som fortel at byborgarane er kristne, jødar og muslimar.


Den kvite byen reiser seg bak festningsmuren. Og framfor bryt havet mot klippene. Mange kjende namn har funne inspirasjon her, både songarar, filmfolk og diktarar. Av våre er det Torbjørn Egner som fann sin Kardemommeby her, og sitt Tobiastårn.

Essaouira byvåpen
 
Medan byen tidlegare var sentral då karavanene kryssa øydemarka frå sør med verdfulle varer for Europa, er byen i dag ein turistby og ei fiskerihamn.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar