Eg kan ikkje forlate Marrakech utan å ta med litt om portane i muren som omkransar gamlebyen. Men no hadde det seg slik at var ikkje mange av dei 19 portane i muren eg fekk sjå, men ein av dei er det mange bilete av på verdsveven. Det er Bab Agnaou. Den gjekk eg gjennom fleire gonger sidan den ligg sentralt til for å vitje Koutoubia-moskeen, Saadigravene, Bahiapalasset og det store torget Djemaa el-Fina med sitt yrande folkeliv. Frå Djemaa el-Fina held souk'en fram. Det gamle handelskvarteret med sine mange og trange gater. Kvar gate med sine særeigne varer som skinn, smykker, tepper, juvelar, sko og tøfler, vesker, keramikk, smiarbeid og så bortetter, Og overalt fargerike souveniarar og selgarar som byd ein inn til "special price for you."
Rett innanfor er der ein ny port inn mot ei gate som strekkjer seg bort mot Koutoubia-moskeen. Den har ein dekor som er meir lik dei andre portane eg såg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar