lørdag 19. april 2014

Påsketre

Høgtidene, eller skal vi sei dei store ferie-fridagane, treng samlande tradisjonar. Pinsedagane har forsvunne ut i gløymsla så dei dagane er det ikkje mykje meir å gjere med. Jula har julebord, konsertar og juletre. Juletretradisjonen fekk sin start i Tysklande på 15-1600-talet. Til vårt land kom dei første spede forsøka på 1800-talet, men det var først frå 1900 og utover at det slo rot hjå den ålmenne hop i landet vårt. Men påskedagane har mangla ein slik samlande tradisjon. Hyttetur, påskekrim, skituar, påskeegg og kvikklunsj høyrer den private sfære til, og den gamle påsketradisjonen med felles kyrkjegong har etterkvart vorte for ein stendig mindre krets. Men no er ein ny felles tradisjon på veg inn. Det er i Sogn dei går føre med oppstarten. Og då er det to tradisjonar dei knyter saman i ein ny. Treet frå jula, og påskeegga frå den private påskefeiringa, og samlar dei to til eit i eit påsketre  pynta med store og fargerike påskeegg. Dennne nye tradisjonen må sjølvsagt få vekse og breie seg ut over landet skal den verte samlande. Så målet neste år må då vere eit påsketre på alle torg i bygd og by utover landet. Kanskje kan egga også fyllast med smågodt, og så får borna, etter gongen rundt treet, lov til å hauste det på påskeaftan. Men, eg har vel vanskeleg for å tru at dette vil verte nokon stor og utbreidd  tradisjon i åra framover. Det er vel heller større sjangse for at det vert ei eingongshending. Men synteset det var eit artigt påfunn.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar