mandag 7. april 2014

Home, sweet home

Det dukka opp på verdsveven eit bilete av mi fagre heimbygd, og då vart freistinga stor til å ta det med her, inn mellom minna mine frå turen til Marokko.
" Fager er lia, aldri såg eg henne fagrare" let forfattaren av "Soga om Njål", Gunnar frå Lidarende sei. Eller som han sa det på gamalnorsk: "Fögur er hlíðin svo að mér hefir hún aldrei jafnfögur sýnst"
Eg torer omskrive noko og bruke orda hans. Fager er bygda, aldri såg eg henne fagrare der ho kviler mellom fjella, ved fjorden. Så får eg tole at noko av nabobygda og er med i framgrunnen. Men seier soga, eg skal visst ha røter i den bygda og.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar