fredag 4. april 2014

Hijab, eller ?

                                                                                                                                                                            



Korleis er dei kledde i dette muslimske landet? Etter vår eigen debatt omkring kvinnene si drakt, sjal eller heildekkande. Korleis ville dei fleste gå kledd i gatene  i dette landet som ikkje er av dei mest konservative muslimske landa?  Og kva med mennene? Ja, slik kan ein undre seg før ein er der og ser manns- og kvinnebunaden med eigne auge.Veit eg det no, etter å ha vore der nokre få dagar?
Eg kjenner det nok ikkje godt nok, men litt såg eg. 
På landsbygda såg eg at både menn og kvinner brukte tradisjonsklede. Det som er kalla Jellaba. Ei fotsid kappe, ofte med ei hette til å ha over hovudet mot sol og støv. Mennene, men og nokre kvinner, såg eg hadde bukser som stakk under kappekanten. Når det gjaldt kvinnene såg eg ikkje så mange med slør for andletet, men dei var der. I byane gjekk mange, flest unge kvinner, vestleg kledde, men jamt over med sjal om hovudet.
Mennene såg eg ofte brukte hetta på kappa til å frakte med seg små ting, som aviser og andre kioskvarer. I desse lange kappene sykla dei, køyrde moped og skuter, - og bil, både kvinner og menn. Mennene var nok meir varierte i bunaden i byane enn ute på landsbygda.
 
Desse to karane hadde nok ikkje på seg si vanlege klesdrakt. Dei gjekk nok slik for å bli fotograferte av turistane, og få nokre dirham for det. Dei er kledde som vasselgarane  i eldre tider. Men fargerike var dei.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar