Der er alltid noko freistande å sjå inn i gatene sine butikkvindauge. Men det tok ikkje lang tid før mi kjære hadde fått sine små suvenirfingerbjør, og sidan eg fort vert lei av å sjå på utstilte freistingar, så lokka den blå himmelen oss ut av gatene og inn i ein stor park ikkje langt unna.
Der møtte vi nokre lokale som vi prøvde å slå av ein prat med. Men dei var visst av det tause slaget, det var ikkje mange orda vi fekk frå dei nei. Dei fargerike kvinnene ville berre peike ut vegen attende til gatene og katedralen for mi kjære. Men ikkje eit ord. Og eg hadde ikkje større lukke på benken, eg heller. Men det var kanskje ikkje så rart. Dei skjøna vel ikkje kva møringar sa, vil eg tru.
Men som eg sat der på benken ved sida av den elegant kledde borgaren, fauk fotoapperata fram rundt oss, og eg høyrde ein ytre at dei var ikkje heilt ulike, desse to. Akk ja, eg må då sei at tykte han hadde finare sko enn eg, han langskjegga ved sida mi.
Men det varde ikkje lenge før vi såg at det tjukna til att i vest, og åsane der vart borte i komande regn, så då då var det berre å haste attende til gatene for å finne ly der.Så var dagen over, den siste i Santiago de Compostela. Apostelen Jakob sin by. Tidleg neste morgon kom den tinga drosja for å køyre oss to ut til flyplassen for å byrje på heimreisa.
Og heim skulle vi kome seint om kvelden. Trudde vi. Men slik gjekk det ikkje. Vi kom for seint til å nå det siste flyet heim, og då vart det istaden nattbuss over fjellet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar