torsdag 15. november 2012

Eit tympanum fortel

Vandringa på Camino Frances er over og eg sit heime i godstolen min og vandrar opp att i minnet. Då kan det vere så ymse kva som dukkar opp.  84 dagar tok det oss å gå frå Le Puy en Velay i Frankrike til Santiago de Compostela. 84 dagar fulle av inntrykk. Men likevel tenkjer eg stundom at eg gjerne skulle brukt nokre dagar til. Og dei dagane ville eg ha nytta  i nokre byar som vart litt for raskt passerte, og som eg i ettertid gjerne skulle sett meir av. Men når dagsetappene var sette på førehand så vart det som det vart.

                                                                                                            

. Ein av desse byane var Estella. Vi hadde overnatta i Villatuerta, 4 km  austanfor byen, og skulle den dagen gå til Los Arcos. Ei strekning på vel 24 km, og det teikna til å verte ein varm dag. Derfor vart det ikkje lange stoppet i Estella denne morgonen, endå det der skal vere mykje forvitneleg å sjå. Men ei stor og stengd kyrkje låg rett ved sida av vegen, og den var det ikkje råd å gå forbi. Ho såg ut til å vere i sluttfasen av si tid, men på veggen ut mot vegen hadde den ein stor port med eit tympanum over. På sidene av porten, oppe under takskjegget stod dei tolv apostelane. Seks på kvar side.

Og det var tympanumet som fanga meg. Ikkje av dei største og mest innhaldsrike tympanum eg har sett på vandringa, men med ei sterk fortelling i enkle bilete.
I ei tid då ikkje alle kunne lese, og Bibelen heller ikkje var i alle manns eige, fortalde dette tympanumet den store påskefortellinga, til alle som ville sjå. Rett over døra er nattverdmåltidet skildra, der Jesus rekkjer dei elleve brødet og vinen.


Oppe i bogen på tympanumet er det langfredagen som er motivet, med Jesus hengande på krossen. Tilstades er og Maria, mor hans, og Johannes. Dei to andre krossfeste er og med, men ikkje så viktige i fortellinga, og derfor i liten storleik. Dei er heller ikkje nagla til sine krossar. Armane deira er bunde fast over tverrbjelken.
I tillegg er der to romerske soldatar ved krossen. Truleg er det i Jesus si dødsstund, då den eine soldaten held hendene for auga. Og, fortel evangelia, bryt ut: " Sannelege, denne var Guds Son!"



Men scena midt i typanumet har tre ulike motiv frå dei siste dagane i påskefortellinga. Vi ser eit uhyre med ein stor munn, og ut av munnen kjem nokre menneske. Ut til Jesus som står framfor uhyret. Det er berre Peter som nemner dette i eit av breva sine.  At Jesus då han låg i grava, drog ned til dødsriket for å forkynne for åndene som var i fangenskap der.
Heilt til venstre i biletet ser vi engelen på gravkanten, og dei tre kvinnene som påskemorgonen kom og fann grava tom. Og scena vert avslutta ute til høgre med Maria Magdalena som får møte den oppstadne i hagen.
 
Iglesia de Santo Sepulcro - kyrkja til den Heilage grava - vart bygd i 1123 til ein rik kjøpmann. I 1328 fekk kyrkja dette tympanumet og apostelrekkja lenger oppe på veggen.  Kyrkja var truleg bygd som ei gravkyrkje for dei franskætta innbyggarane i byen. Kanskje det er derfor den var vigsla til Den heilage grava. For 120 år sidan vart kyrkja stengd, men framleis talar bileta over døra om ei hending i Jerusalem for snart 2000 år sidan.
Og for den vandraren som gir seg tid. Stoggar opp og lyfter augene til bileta over døra, fortel dei også idag, si sterke fortelling. Tvers over alle århundra som har gått sidan tympanumet vart meisla ut. Kristentrua si grunnfortelling.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar