Dette biletet er frå den største, og eldste, av kyrkjene i ein liten landsby aust om Figeac, Montredon,
Og dette er frå ein nabolandsby litt lenger vest. St. Felix. Eg har teke med berre eit lite utsnitt på grunn av likskapen med vår norske rosemåling i toppen av vindauget.
Og personen er St.Felix, ein biskop, som og landsbyen har fått namnet sitt etter. Kyrkja hadde og det minsta tympanumet eg såg under vandringa vår. Ein enkel relieff av Eva, Adam og slangen, i det Eva vert freista til å plukke ei frukt frå treet i hagen. Tympanumet såg ut til å vere mange hundre år eldre enn dette glasmåleriet.
I byane var kyrkjene større og hadde rikare utsmykking enn landsbykyrkjene. Også av glaskunst. Sjølv om dei ikkje kunne konkurere med dei store katedralane. Det var gjerne i koret vi fann glaskunsten i dei. Som her frå kyrkja i Condom. Det er nattverden, krossfestinga og når Jesus vert teken ned frå krossen som er motivkrinsen. Eg har teke med eit utsnitt som syner noko av rikdomen av fargar og detaljar.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar