onsdag 22. februar 2012

Late dagar

Så fall det ro over dei nedstøva joggeskoa vi hadde brukt på våre turar innover åsane. No fekk dei stå i fred. Berre mine fekk seg endå nokre morgonturar opp til krossen.
"Ivars plass" heilt borte mot Taurodalen vart utsett til eit anna år.
Om det då vert eit anna år? Kven veit.
I staden vart det rolege rusleturar i lågare lende dei dagane som var att. Langs stranda.
Bading då?
Nei, det frista ikkje.
Soling på playaen?
Ikkje det heller. Den tok vi på vår romslege terrasse. Når sola sine strålar var der.



Ellers var det litt for kjøleg der ute for meg. Men ikkje alle var samde i det.
Ein kveld gjekk eg ned i poolbaren for å kjøpe med meg ein pizza. Eg tykte det var kaldt, og var godt kledd. "Det er kaldt" sa eg og skuta litt på skuldrane. "Kaldt nei, svara han bak disken, som hadde berre T-skjorte over beinkleda, og peika på vinterbileta på TVskjermen. "Der, i Spania, der er det kaldt".
Eg fekk større medhald neste morgon då eg skulle ein snartur ned  til Spar.
Ein godt kledd ungdom gjekk ut på gata saman med meg. "Kjøleg" sa eg, og såg på eit par i shorts og T-skjorte på andre sida gata. " Heilt einig", svara han. " Berre 10 grader denne morgonen."
Men når sola skein var det herleg. Då gjekk eg og lettkledd, og tykte eg hadde fine dagar saman med mi kjære.
Men litt fyllte vi rusledagane med.
Tysdag var det marknad inne i Arguineguin, og dit måtte mi kjære. Det var noko ho ville sjå etter.
For å finne marknadsplassen, var det berre å fylgje folkestraumen. Fullt med folk, og fullt med buder. Gate opp og gate ned. Litt faste prisar men det mest basert på pruting.
Ho fann det ho leitte etter, og så vandra vi ut av folkemylderet igjen, og kursa mot sjømannskyrkja for ei roleg stund med vaffel og kaffi.  Og så var det kjåka fullt der og. Men etter litt køståing fekk vi våre ynskje oppfyllte.
Neste dag var vi der att, Fullt då og. Knapt eit ledig bord. Då var det ikkje marknad, men sildetallerken som lokka mange.
Den dagen gjekk vi innover saman med eit venepar, og møtte fleire ved kyrkja. Så vi fann vi oss eit bord, kapra ledige stolar så det vart plass til alle, og fekk ei triveleg stund saman, med god prat, kaffi og vafler.
På veg heim, var vi innom vårt venepar sitt husvære til meir mat og triveleg prat.  Høgt over stranda og med full utsikt til havet og til dei solbadande 8 etasjer under oss. 
Vandraren må tilstå overfor seg sjølv at han trivst. Sjølv om han, før han drog, fekk høyre frå ein kvinneleg ven. "Kanariøyane? Det er ingenting for deg."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar