tirsdag 21. februar 2012

Norskeplassen

"Eg vil gå til "Norskeplassen" i dag. Der har vi ikkje vore", sa mi kjære om morgonen. Ute var skyene borte, og i lia under krossen, der ein hund var travelt oppteken med å jage opp dueflokkane, skein sola alt varmt.
Så når frukosten var unnagjort, var det berre å få på seg sko og rumpetaske, og kome seg avgarde. Ned gata, opp bergknatten som var tilsalgs, og opp på vegen opp dalen mot åshøgda.
 Norskeplassen ligg inne på åsen. Nedanfor Sukkertoppen, og er turplassen til alle norske i Puerto Rico.

Men ein liten parantes om namn medan vi går innover mot Sukkertoppen..
Åsen som leider  inn dit frå Patalavaca heiter Lomo de Inciensos. Lomos tyder bakkekam eller ås, og Inciensos tyder røykjelse. På vårt mål ville den då bere namnet Røykjelsesåsen.
Og Patalavaca? Det fekk eg høyre sist søndag av ei kvinne som har budd lenge i Ecuador. Det har med ein del av foten på kua å gjer.
Pata tyder labb eller pote, og la vaca tyder ku, altså kulabben.
Men kua har ikkje nokon labb, ho har klauv. Men igjen; klauv heiter pezueña, ikkje pata. Så då må Patalavaca tyde kulabben, og ikkje kuklauva.
Nesten framme ved Sukkertoppen, svingar vegen av nedover Puerto Rico-åsen til palmelunden der Norskeplassen ligg. Her er mykje folk samla, og praten går høgmælt og livleg rundt borda. På flaggstengene mellom palmene blafrar det norske flagget saman med det spanske og det canarisk blå,gul, kvite flagget.
Mi kjære vil gå ned åsen mot Balitohøgda, nedover Lomo de Burro, eselåsen. Eit stykke nede på åsen dukkar det ein grøn skog opp ved stien. Det er ei vassleidning som lek. Tidlegare låg det støypte og mura vassleidningar oppe på terrenget, No er alle erstatta med svarte plastleidningar som ligg bortover marka som svarte ormar, og ikkje alle skøytar er like tette. Så det hender ein får seg ein liten dusj når ein går forbi ein lekkasje. Og plantelivet dreg god nytte av det som lek ut.

Inne i det grøne krattet har edderkoppar vore travelt opptekne med sine fangstnett.
Så deler stien seg igjen. Den eine held fram nedover åsen. Den andre svigar inn i dalbotnen og ut at på neste ås. Tre karar som sprang forbi oss lenger opp, står tvilrådige i stidelet. Veit de kvar stiane går? spør dei då vi kjem. Som om vi er godt kjende.
Eg peikar på den som svingar inn i dalbotnen og seier at den hamnar nok nede på skaret øvst i Puerto Rico. Då vel vi den, seier ein av dei.
Sjølve held vi fram vidare nedover vår ås i trua på at den vil føre oss ned i nærleiken av Villa Marina.
Det syner at der tok vi i miss.
Nede på åsen kjem eit nytt vegdele. Ein veg fører ned i ein dal der det ligg eit gardsbruk, men oppe på åsen går vegen vidare langs grøne åkrar.
Nokre kvinner går den vegen litt lenger framme, og i trua på at dei veit at det ikkje er ein blindveg, fylgjer vi etter dei.
Så er vi framme på åskanten.
Her er det slutt på åkrane, og her er bonden ferdig med å hauste grøda. Store frukter  ligg i dungar utover åkeren. Men kva er det?
Det liknar på vassmelon, men er det det?

Så svingar vegen ned gjennom berghamrane til dalbotnen, og då ser vi at det ikkje er ved Villa Marine vi kjem ned. Det er lenger vest ved noko som ber namnet Paradise Lost, Det tapte paradis. Eit inngjerda  område med eit stort sirkustelt og ein tett skog av tre innanfor murane.
Kva det er, eller har vore brukt, har vi undra oss over kvar gong vi har gått forbi. Aldri såg vi nokon aktivitet innanfor murane.

Sola er i ferd med å sei takk for seg, då vi vandrar opp bakken, opp dalen mellom dei to klauvene, åsane,  i Patalavaca. Opp til Mariposa del Sol og husværet vårt. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar