torsdag 16. februar 2012

Puerto de Mogan

Kvar vi skulle gå for å kome til Puerto Rico hadde vi sett. Men? Kor langt var det, og kor lang tid ville det ta å gå den? Vi skulle fram til Balito, og så opp dalen til skarhøgda. Der etter ned gatene til hamna. Det var nokre ukjende kilometer, med bakkar både opp og ned.
Og vi måtte vere framme ved hamna før kl.11.00 for då gjekk båten.  Det var avtalen med våre vener.
Så klokka var ikkje mykje over ni då vi tok heisa ned for å byrje på turen.
Vest til Balito, gjennom tunnelen, og så opp dalen til skarhøgda og det første hotellet i Puerto Rico. Der møtte vi shortskledde på veg opp på fjellet, eller ned til sandstranda i Anfi for soling og bading. Så var det ned dalen, der hotella låg på rekke og rad på begge sider av gata.
Nede ved hamna møtte vi våre vener, og om ikkje lenge hadde vi fått oss utsiktsplass om bord i båten som skulle ta oss vestover til Puert Mogan. 

Det var ein fin tur i solskinet på eit roleg hav. På vegen vestover passerte vi den eine vesle dalen etter den andre, med si vesle strand ved havet, og dei store hotella bak, oppover fjellsida.
Så svinga båten inn på hamna i Puerto de Mogan, og vi var framme i staden som og er kalla "Vesle Venesia".
Og der var hamna full av store seglbåtar. Fleire av dei bar norske flagg.
Det var ein koseleg liten by med små, trange gater, der det var mykje fargesterke blomster. I eit lite smug fall eg for nokre store relieff på eine veggen.

Der var ei lang og brei gate framover dalen. Der var det triveleg å gå mellom rader av palmar og vakre tre, fulle av blomster.



Men ein kan ikkje berre vandre gatelangs. Ein må ha mat og. Nede ved stranda låg restaurantane på rekke og rad. Vi fann oss bord på ein italiensk. Menypermen kom på bordet. Her på øya er det så mange norske matgjestar at der er eigne sider med menyen på norsk, så det var berre å leite seg fram til sidene merka med norsk flagg.

Eg har ein liten tradisjon på at når eg i utlandet finn pannekaker på menyen, då skal det bestillast. Og her var dei til stades. Kanariske pannekaker må prøvast. Men eg mistolka nok menyen litt. Trudde eg skulle få fleire lagt i lad, med flesk og egg til. Det hadde eg aldri prøvt. Og så fekk eg berre to med honning på. Med same smak som eg sjølv steiker heime.
Vel, no har eg i alle  fall smakt franske, spanske og kanariake pannekaker.

Vi hadde det triveleg ved bordet, men vi sat i skuggen, så vinden vart litt kjøleg etter kvart. Det var då eg fann ut at eg måtte brife litt av spansken min, og vinka på kelnaren for å be om regninga. Då ser han noko spørjande på meg og spør om det var regninga eller førti eg ynskte.
Au, au, det vart fiasko den brifinga. Det enda med at han tilbaud å gi meg privatundervising i spansk. Noko eg berre måtte takke for, men som det nok var uråd å ta imot.

Nedanfor rekkja med restaurantar og små forretningar låg playaen med dei solbadande på rekke og rad. Det var endå til nokre som prøvde sjøtemperaturen, men den var truleg i lågaste laget, så få som prøvde han.
Vel attende i Puerto Rico vart det kaffi i solveggen på terrasssen til eit av venepara.

Men tilslutt byrja sola å nærme seg havflata. Det var på tide å ta føtene fatt opp bakkane igjen.
Oppe på skarhøgda kunne vi sjå ned dalen som no låg i skugge, medan sola enno lyste opp husa på Anfi-høgda.

Vel nede på gatene att fall dei siste solstrålane på det ufullførde byggeprosjektet i sida på Alto Balito, der alt var gjort klart for bygging av husa. Gater og trapper låg ferdige, men husa mangla. Og slik må det ha lege i fleire år, for opp mellom hellene i fortaua vaks det store planter og palmer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar