tirsdag 14. februar 2012

Den første dagen, søndag

Skyene som låg over kysten om morgonen, vart borte når sola fekk betre tak, så då vi bestemte oss for å rusle innover til Arguineguin, var det store blå opningar over oss. Og etter kvart varma sola godt.
Det tek vel ein halv time å gå frå Patalavaca og inn, avhengig av kor fort ein vel å flytte føtene.
Der går ein veg mellom havet og hotella med sine symjebasseng. Ein rusleveg. Der gjekk vi denne første gongen, og det vart vår veg inn, medan vi kom til nytte fortauet ved bilvegen ut at frå Arguineguin.
Dei ligg på rekke dei store hotella, der dei solbadane ligg på utstilling ved bassenget. Blottande sine kroppar i større og mindre grad, og i ulike fargenyansar frå bleikt på dei nykomne, til mørk brunbrent på dei som har vore der lenge.
Men på stranda var der få som hadde teke plass denne dagen, men nokre var det som låg der med utstrekte hender og føter og saug til seg sola sine strålar i den heller kjølege formiddagen.

Der er ikkje så mange sandstrender på vegen inn, den største er denne, inne ved hamna i Arguineguin. Det var sjømannskyrkja som var målet vårt. Den ligg på neset som stikk fram nærast stranda her.
Men sidan det var søndag vart det ikkje kaffi og vaffler. Kyrkja var stengd. Vi skulle til gudsteneste i kyrkja kl.18.00, og var fortalt at der måtte ein vere tidleg ute for å få plass. Vi hadde ei avtale med to venepar om å møtast kl.15.00 for å ete middag saman, men det var timar til det. Så kva gjer ein i ventetida?
Rusle i gatene, sjå i butikkvindauge, glane på andre turistar (hysj! det er ikkje pent å glane) finne seg ein ledig benk og sjå på utsikta og strandlivet (der var ikkje mange, der nei) finne seg ein restaurant og få seg noko mat og ein kaffikopp. Kort sagt. la tida gå. Slappe av. (noko eg ikkje er flink til, seier mi kjære )
Flink eller ikkje flink. Timane ruslar likevel avgarde, og så kan vi gå opp til plassen ved den katolske kyrkja der vi skal møtast. Dei kjem med drosje frå Puerto Rico, og lokalkjende som dei er etter å ha vore her før, endar vi på ein kinarestaurant ikkje langt unna. Og då vert det sjølvsagt kinamat. God kinamat.
Kvifor har ein streva med å lære seg spansk. Dei fleste orda er likevel gløymde. og her talar mest alle, eller skjønar, ei form for norsk. Best å vere varsam med sine ord, i trua på at det ikkje vert oppfatta av uvedkomande øyre.
Så er måltidet over. Gode og mette takkar vi for oss, og set kursen attende til den katolske kyrkja. Som sjømannskyrkja leiger til gudstenester i turistsesongen.
Der er tomt på plassen når vi kjem dit, men det fyllest raskt opp. Og ein halv time før gudstenesta tek til er det kø ved dørene.
Jøss, tenk å oppleve kø framfor kyrkjedøra ved ei vanleg gudsteneste. Det er vel berre ved konfirmasjon og juleaftan ein får oppleve det heime i bygda.
Vi får oss  plass, men ikkje alle, nokre får berre ståplass.
Det vert fullt ja, og varmt.
Kor mange? Tja. 4 benkerader. 8 på kvar benk. Kor mange benkar? Talde ikkje, men det er nok 400 inne. Minst.
Så skulle eg få oppleve gudsteneste i ei sjømannskyrkje for andre gong. Dei som har fått så mange rosande ord for å vere så opne og inkluderande.
Gudsteneste med dåp og nattverd.
Var den annleis enn i mi heimekyrkje?
Nei, ikkje i det heile. Ingenting skilde seg ut frå mi kyrkje.
Det måtte i tilfelle vere salmesongen som klang mektigt og sterkt mellom veggane.  Men det burde den med så mange røyster som deltok.
Den einaste ulikskapen var dei mange frivillige som var tilstades som kyrkjevertar.
Så var det over
Ikkje var der kyrkjekaffi heller. Sola var gått ned, ute rådde mørkret.
Kyrkjelyden stod i flokkar ute på plassen og prata med kjende. Andre skunda seg mot buss og drosje. Som heime.
Vi takk for laget til våre vener som skulle ta drosje attende til Puerto Rico, og byrja gå attende til vårt husvære ute i Patalavaca.
Strandpromenaden låg i mørker. Berre framfor hotella braut lys mørkret. Men der vi gjekk på fortauet langs bilvegen, hadde vi godt lys.
Og ute på Anfi-neset i vest stråla lysa frå det Lyngsenteret.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar