fredag 24. februar 2012

Sola glader

Siste dag.
Ein siste rusletur ned til Anfi-stranda.
Venevitjing på terrassen i solvarmen.
For siste gong ser eg sola segle ned mot havranda i vest, og lyse skyer og himmel opp i varme, gul-raude fargar.
Og så ut i kvelden for å ete middag saman med våre vener.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar