fredag 17. februar 2012

Sukkertoppen

Vi står opp med sola mi kjære og eg. Ikkje lenge etter at gardinene er dregne frå terrassedøra, lyser sola opp lia på andre sida av den vesle dalen vår. Etter at vi er ferdige med morgenstellet på badet, dekker vi bordet for frukosten og kokar kaffivatnet. Inga overdådig oppdekking, eit par brødskiver på kvar. Skinke, sylte, banan og ost. Og eit glas fruktdjuce. Enkelt og greit som i heimlandet.
Mi kjære vil kvile litt denne dagen, så eg spør om  lov til å ta ein liten tur innover åsane, og det får eg lov til.
Det er ein stad som heiter Sukkertoppen eg har lyst å gå til denne dagen.
Ikledd joggesko, shorts og ei lett t-skjorte klatrar eg opp knausen nede i svingen. Eg greier meg opp utan hjelp av tauet denne morgonen.
Oppe på vegen ser eg at mange alt er på veg oppover dalen. Nokre har vore tidlegare ute og er på veg ned att. Fleire av dei har vore ute og lufta hundane sine.
Det går ikkje lenge før t-skjorta heng på hofta, festa i beltet.
Eg går fort opp dalen. Oppe i nest siste svingen tek eg ein beinveg opp eit turt elvafar, men det må vere lenge sidan det rann vatn her. Godt å kjenne at kroppen og lungene fungerar, sjølv opp det bratte elvafaret.
Vel oppe på høgda deler vegen seg. Ein sti går ned til krossen, medan eg held fram innover åsen.
Kvar Sukkertoppen er, veit eg ikkje. Berre at han er der inne på åsen ein stad.
Eg går raskt. Vil ikkje at mi kjære skal sitje for lenge åleine. Sjølv om eg trur at ho alt heng over terrassekanten og pratar både med naboane i husværet bortanfor, og i etasjen under.

Vegen svingar og stig svakt bortover åsen. Eg går forbi fleire vandrarar, men joggarane held eg ikkje fylgje med. Nokre bilar kjem og forbi. Dei legg ei lita stund, ei støvsky over vegen. Til vinden har ført den vekk.
Her er goldt, gråbrunt. Berre der det er ei lita lekkasje på vassledninga, har buskane nedanfor grønskjeret.
På begge sider av åsen skjer dalar seg inn mot den, og eg ser stiar slynge seg fram i dalsidene nedanfor.
Og langt der framme i synsranda ser eg ein djupare dal, med skarpe fjell bak, skjere seg fram.
Eg har gått ei heil stund alt då eg ser ein kvinne framfor meg. ei av dei koparbrune. Altså ei som har vore her lenge. Sjølv er eg ikkje der. Då eg dusja denne morgonen såg eg at overkroppen hadde fått fire klimasoner, eller fargesoner. Raud nase og skalle, brunraud bringe og lysare raud rygg. Medan underarmar og sider framleis er bleikt vinterkvite.
Slik eg har sett mange nykomne desse dagane. Skal tru kor eg ser ut når vi set kursen heim om vel ei veke. Har vel byrja skale av hud på nase og skalle då. Sjølv om mi kjære strevar hardt med å få meg til å bruke av kremane sine.
Då eg når kvinna at, gir eg meg i samtale med henne, og det vert til at vi går vidare saman.
Eg reknar med at ho er meir kjend enn eg, og spør henne om kvar Norskeplassen er, og Sukkertoppen.
Ho peikar nedover ein ås som går ned mot Puerto Rico. Der ved palmelunden er Norskeplassen, fortel ho. Og den runde toppen der framme er Sukkertoppen.
Om ikkje lenge har vi runda toppen, og går attende opp på høgda. Der ligg det ei steinrøys med ein stokk som stikk opp av steinane.
Medan vi står der, pratar og nyt utsynet, kjem det ei melding på telefonen. Det er mi kjære som undrast på kor langt eg er komen.
Etter nokre bilete takkar eg for fylgjet og byrjar på vegen attende til vårt husvære i vår vesle dal.

Ut på etter middagen vil mi kjære sjå kvar gata vi bur i endar.
Det ser ut for vere mykje privatbustadar innover lia.
Til slutt svingar gata rundt eit lite dalsøkk der det også er mange nye villaer på andre sida.

Vi tek ein sti ned lia, og går ned mot stranda. Då kjem vi ut ved det store SunWing-hotellet. Der ifrå er ikkje vegen lang langs alle hotella og restaurantane vidare innover til neset med sjømannskyrkja, kaffi og vafler. 

Så er endå ein herleg dag i sola og varmen over. Sola har gått ned. Eg kler på meg lange buksebein og leitar fram strikkejakka.
På den spanske nyhendesendinga syner dei bilete frå sibirkulden som ligg over Europa og Spania. Og av snøkledde og frosne landskap der vi for månader sidan gjekk på caminoen. Og eg er glad for at eg er her i Patalavaca og ikkje i Burgos.

1 kommentar:

  1. Fantastiske forteljingar her! Gjekk til Sukkertoppen i går - 17 mars i det Herrens år 2013. Nydeleg tur, men eg vil vidare, kva er lenger bak. Er også ein vandrar og "fjellfant". Ha fine poetiske turar framleis :) Arnhild

    SvarSlett