lørdag 18. februar 2012

Våres plass

"Idag skal vi på marked inne i Arguineguin", fortalde mi kjære til nabokvinna. "Men det er ikkje marked der idag, det er det først på tysdag," svara ho.
Javel ja. Kva gjer vi då?
Jau, då tek vi ein tur innover fjellet, seier mi kjære. Inn til "Våres plass".
Så vart det å smøre seg litt niste, fylle vassflaskene og få på seg dei nedstøva joggeskorne. Så er vi klar for langtur.

"Er du kjend her?", hadde ein spurd meg då eg var på Sukkertoppen. " Eg har nettopp fått vite at der nede er Norskeplassen, og der er Sukkertoppen." "Men veit du kvar Våres plass er? "Nei, desverre. Det veit eg ikkje. Det er der inne ein stad" sa eg og peika vidare innover mot fjella i det fjerne.
No skulle mi kjære og eg prøve å nå staden.

Dei turre buskane langs vegen har byrja få nokre små museøyre, og nokre har også fått små blomar på dei turre kvistane.
Vi tek ein liten rast på Sukkertoppen. Deler ei appelsin før vi vandrar vidare innover åsen mot fjella.

Nokre delvis nedrasa hus syner at her har vore ei anna tid, før turisttida kom.
Der markene har fått vatn, lyser det skarpt grønt, men rett utanfor gjerdet er det den turre øydemarka sine planter som rår grunnen.
Men noko er på veg. Nokre buskar er overdekte av vakre blomar. Er det ein vår i vente, tru? Eller er det berre av gamal vane? Her på sydsida av øya har det ikkje regna skikkeleg på 11 månader, er det fortalt oss.
På veg opp mot ei lita høgd med ein gard på toppen, såg vi to skilt. Det eine peikte mot vest og til "Eivinds plass", det andre mot aust og til "Våres plass". Dit skal vi.



På veg bortover stien, rett utanfor den grøne åkeren, fann vi eit hjelpemiddel dersom vi skulle verte for trøytte av å gå. Vel, eg tykte prisen på 1 euro var i høgste laget, og eg hadde nok ikkje kome så fort fram, skulle eg nytte denne sykklen.

Og skulle eg kome i akkutt naud av eit anna slag, så var der hjelp å få for det og. Men mi kjære var i sterkt tvil om ho kunne tenkt seg å nytte det tilbodet. Sjølv om nauda var aldri så stor.
Så er vi der, på "Våres plass". På kanten av stupet ned mot Arguineguin-dalen. Her har norske vandrarar bygd ein stor steinvarde, og her er det eibok der ein kan skrive seg inn i manntalet. Mellom 20 og 30 hadde alt vore den denne dagen. Vi høyrde mykje dialekt nordanfrå då vi var der.
Nede i dalen buktar bilevegen frå Arguineguin seg fram til landsbyane, der dei ligg mellom dei stupbratte fjella. El Sao er nærast, lenger inne ligg El Horno.

Ein nordfrå, med røter på Kalvatn og Folkestad, meinte vi måtte gå vidare, forbi gardbruket oppe på haugen. Vidare til Karpedammen og "Ivar plass" ovanfor Tauro-dalen.
Det vart ikkje denne gongen, sjølv om det freista. Men kanskje kan vi gjer det ein annan gong.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar