torsdag 23. februar 2012

Øya rundt

Det har ligge ei brosjyre på salongbordet desse dagane våre her. Den har tilbode nokre bussturar rundt på øya. Pris 10 euro pr. pers. Mi kjære har hatt lyst til å ta ein tur rundt øya, og siste sjangse er torsdag.
Vårt venepar kan og tenkje seg det, så det endar med at vi ringer og melder oss på.
Torsdag morgon er eg tidleg oppe, så tidleg at månen enno heng klår over havet i vest. Klokka ni står vi på busstoppen ved rundkøyringa og ventar på bussen.


Bussen tek motorvegen aust til dei store turisstadane Maspalomas og Playa Ingles med sine golfbaner og luksushotell. Der kjem fleire på, og så berst det avgarde igjen på motorvegen, austover forbi industriområde og store jordbruksområde der plantene er gøymde bak gråbrune plastveggar for å verne dei mot det fine støvet frå Sahara i aust. Ved byen Telde tek bussen av. Her får vi ein stogg på mellom 1-2 timar. Ikkje til omvising i byen, men til salgsdemonstrasjon av sengeutstyr i ull. Derfor er desse turane også kalla ullturar. Og for å hjelpe på kjøpelysta får vi litt mat og vin.
No er vi på austkysten. Her er det grønare, og kyststripe er mykje vidare enn på sørvestkysten der vi har helde oss. Vi vitjar ein bondegard oppe i høgda, men det er ein syrgjeleg kald vind, og det småregnar, så eg er nøgd når eg får ta plass i bussen att.
Bussen køyrer gjennom Las Palmas, og kjem ut på nordkysten av øya.
Her er kysten smalare att. Der er ikkje plass til mykje anna enn husa og vegen,  mellom brenninga som slår mot steinane og fjella bak. Her er det ikkje noko store hotell, men kyststripa er visst mykje nytta av surfarar.

Eg vert oppteken av fargane på husa. Dei er varierte og fargesterke, og kontrasten frå det eine huset til det neste kan vere stor. Guiden fortel at i Franco-tida var der ei lov som sa at alle hus skulle malast kvite. Den lova vart borte med han, og når folk fekk velje farge sjølve att, vart det mange stadar eit gedigent fargeslepp.
Ved byen Galdar forlet vi nordkysten og køyrer over eit nes som stikk ut i havet, og kjem ut på nordvestkysten. Og til den vesle landsbyen Puerto de las Nieves. Snøhamna. Her er alle hus kvite som før.

I frå hamna her har Fred Olsen ferge til øyane lenger vest.
Vi skal køyre vidare langs dei stupbratte fjell bak ferga.
Over tre mil i fjellveggen, og med 365 skarpe hårnålssvingar.
Omlag midtvegs kjem vi til ei lita grend, og derifrå går vegen litt inn mellom fjella, til han igjen dukkar fram over brenningane nedanfor.
Der vert det ein liten stans så vi ivrigaste med fotoapperat får nytte høvet på "Balkongen".
På neset bak i disen, skimtar vi Puerto de las Nieves.

Vegen vidare går ned i dalen til San Nicolas, ein vid jordbruksdal. Her driv dei å borar på ein lang tunnel gjennom fjellet attende dit vi kom frå. Så neste år skal motorvegen vere opna fram til dalen.


Bussen klatrar opp ein ny dal, og vi kom over på sørvestkysten att, Og då forsvinn skyene og vi kjem ut i solskinet att.

No var turen rundt øya snart over. Ein liten matrast på skarhøgda, med skarpe fjell rundt oss. Så rullar bussen ned til Mogan, og ut til kysten att.
Og så inn om alle hotella austover for å setje av passasjerar.  Då bussen sette oss av i Patalavaca, var sola i ferd med å gå ned. Og snart var det berre lysslotta nede på Anfistranda som lyste opp kvelden.
Men vi sat att med eit betre og vidare inntrykk av øya vi snart hadde vore 14 dagar på.
Ein heil dags busstur for 80 kr pluss litt tips. For kvar. Dyrt var det ikkje, sjølv om vi måtte ta med litt ullreklame.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar