onsdag 15. februar 2012

Vi går

Kva skal eg gjer på Gran Canaria? Det var mi store usikkerheit før mi kjære og eg drog nedover. Ville eg kjede livet av oss begge? Ville eg finne noko å fordrive tida med, eller ville det bli lange, lange dagar liggande på ei strandmadrasse og bake min kvite og etter kvart raude kropp?
Kjøp deg ei turbok, var det ei foreslo for meg her på bloggen. Eg gjorde det og byrja lese meg opp på turar i nærområdet. Slik fekk eg kjennskap til Norskeplassen, Sukkertoppen og Våres plass. Lenger borte låg og Ivars plass. Dit var det kanskje i lengste laget for ein dagstur. Men kanskje ville det og gå?
Sett frå vår terrasse hadde eg sett at det frå tidleg morgon var mange som la ut på gåtur. Somme og med sekk på ryggen. Alt første morgonen hadde eg erobra krossen for å orientere meg.
Så rann mandag med vakkert vær.  Vel klokka åtte låg dalsida med krossen på toppen, bada i sol. Og i dag skulle mi kjære være med meg ut på tur for første gong. Ingen langtur. Opp dalen til toppen av åsen, så sørover mot krossen og ned at lia der. Berre ein liten rundtur på eit par timar.
Utsyn ned "vår vesle dal" i Patalavaca
Nede i gata der ho gjer ein sving ned mot rundkøyringa i Patalavaca, ligg der ein liten bergknaus. Det er måla ”Til salgs” på den. Opp den knausen går stien. Der heng det eit tau til hjelp for den som skal opp eller ned. Mi kjære bryr seg ikkje om tauet, eg finn det trygt å ha. Så står vi på gata over vårt husværehotell.  Asfalten endar ved dei siste husa, så er det over på grus. Der er ein jamn straum av vandrarar oppover vegen mot toppen på åsen. Nokre er vinterbleike som vi. Nyleg komne. Andre har fått brunfargen på plass. Dei har vore her ei veke eller noko meir. Og så er der nokre som har ein farge eg hadde på fargetuba den gong eg dreiv og måla bilete. Brent Sienna var namnet, nærast brun-raud kastanjefarga. Det måtte vere dei på langtidsopphald og som gjerne hadde eigne hus.
Her helser alle blidt på kvarandre. Eg får inntrykk at det er berre norske, men der er nok nokre frå andre nasjonar og.
Det er turt oppe på åsen
Sola varma godt i lia så det var ikkje lenge før eg og gjekk berre i shorts. Vel oppe på høgda tek vi ein rast for å nyte utsikta innover åsane. Langt i det fjerne ser vi skarpe fjell reise seg over åssletta. Og nær oss på åsen, ligg det eit inngjerda område. Innanfor er der grøne planter. Men plantene som veks der er ukjende for oss. Men utanfor gjerdet er det turt og brungrått alle vegne.
Så er det å gå motstraums nedover åsen mot krossen.
Lia ned frå krossen er bratt med ein del laus grus. Så her bør ein vere sikker på føtene. Vi kom ned utan problem. Snart kan vi sitje på terrassen og nyte ein god kaffikopp, og sjå på alle dei som var på veg opp og ned til krossen. Eller beinflyg innover åsen.

Der er under bygging  ein motorveg rundt heile øya. Det står att nokre lange tunnellar gjennom fjella langs sør og vestkysten. Desse to går forbi Puerto Rico til Taurodalen. Tunnelen vidare til Mogandalen skal vere ferdig komande år.
Over tunnelen ser vi dei høgstliggane hotella i Puerto Rico. Gangvegen dit går gjennom dalen vi ser til venstre for hotella.

 
Vi hadde avtalt med våre vener i Puerto Rico å kome dit neste dag. Og så ta båten vidare til Puerto de Mogan. Men korleis kome dit?
Ta buss eller drosje, sa dei, det er billig.
Mi kjære fekk ikkje noko val. Vi går, var mitt svar. Sta som eg er, var det greit nok. Men gå kvar? Så på ettermiddagen måtte vi ut og orientere oss om vegen. Den stod forklart i turboka, men eg ville helst sjå den med eigne auge.
Og då var det berre å gå. Denne gongen langs vegen bak hotella nede ved stranda. Det var i grunnen greit å gå. Fortau heile vegen langs dei mange flotte hotella. Flatt først, så ned i eit lite søkk der dalen ved Den norske skulen opnar seg, så vidare opp på Anfihøgda. Men så kom vi inn i eit område med privathus og blindvegar. Kvar går vi no? Vel, den som vover, intet vinner. Vi prøvar.
Det barst gjennom diverse portar og svingar ned bakken, og så stod vi nede på flata mellom Anfihøgda og Balitohøgda med sine hotell og hus.  Ei vid strandflate, men inga strand, meir som ein rusket fyllplass. Men det var her ifrå vegen vidare mot Puerto Rico skulle gå. Gjennom ein tunnel under bilvegen. Vi fann den, var igjennom og såg at vi var på rett spor. Så snudde vi attende til standsletta. Då var sola i ferd med å verte borte for dagen. Det overraska oss kor fort det gikk, vande som vi er til sola si glideflukt ned heime.  
Heimvegen tok vi langs stranda framfor hotella på Anfi.
Framfor neset på Balito dukka Teide opp over kveldsdisen.
Det hadde nok vore ei fin strandpromenade som ny, men no hadde ho store skader fleire stadar der vegen var broten bort av stormar, og store steinar var kasta opp på vegen og inn i parkane framfor hotella.

Så runda vi Anfi-neset og kom i front av det store Lyngsenteret med sitt flotte anlegg. Med badestrand, hamn og den hjerteforma øya med sine palmelundar innanfor den store moloen. Og langs promenadevegen i front av hotella, butikkar og restaurantar på rekke og rad.



Og då vi forlet stranda ved det store Doñana-hotellet for å gå bakkane opp til vårt eige husvære, var det i vest berre ei svakt farga rand att av dagen. 

Doñana vert uttala :Donjana.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar