søndag 19. februar 2012

Amadores

Så er det ei veke sidan vi sette kursen heim att til vinterlandet.
Rett nok ein heller mild vinter, men i dag vakna vi til 10 cm med nysnø og glimt av sol mellom skyene.

Men laurdag for to veker sidan vandra vi to vestover til eit venepar i Puerto Rico. Dei hadde spurt om vi ikkje ville vere med å gå langs stranda til Amadores. Og det hadde vi sjølvsagt sagt ja til.
Så då gjekk vegen i morgontimane igjen opp dalsida til skaret og dei øvste hotella mot Puerto Rico.
Nede ved hamna venta vårt venepar på oss, og så vandra vi vestover på ein vakkar panoramaveg, over floget ned mot stranda og bylgjene. Og bak oss, bak bilvegen låg dei store hotella oppover i dei små dalsøkka, og oppe på kanten av fjellet.

Etter vel ein kilometer, runda vi ein sving og der dukka Amadores opp. Med den store stranda nedanfor oss, lukka inn av ein molo frå kvar side. På stranda og på moloane, stod strandsengene tett i tett. Og oppover lia bak, hotell på hotell.

Ute på vestenden av Amadores, der gangvegen endar, og kysten vender seg inn mot Tauro og Taurodalen, låg ei minigolfbane. Vi ynskte ikkje å ta ei runde med ball og kølle, men fekk lov til å gå ei runde inne på området. Det var ein morosam tur, då området på sidene av minigolfbana, var pynta med havet sine skapningar. Skjel, konkyliar, fiskar og havet sine mytologiske skikkelsar, gjenskapt i betong.
På veg attende til playaen, såg vi stranda med neset og vegen vi hadde kome på, og som vi og skulle gå attende. Men først ein rast og ein matbit på ein av dei mange restaurantane ved stranda.


Attende i Puerto Rico vart det lunsj og soling på terrassen hjå våre vener.

På eit av nabohotella strekte eit underleg langt og nake tre seg opp mot lyset og sola. Seinare ein dag, på ein busstur rundt øya, fekk eg høyre kva det var. Det er ikkje noko tre, men blomsterstengelen på ei langt mindre plante som berre er ein krans av blad nede ved rota av stengelen.

Og medan sola var i ferd med å takke for seg, takka vi og for tur og lag, og tok fatt på vegen opp mot skaret og ned att dalen til vår side av fjellet.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar