søndag 12. februar 2012

Gran Canaria

Attende i bygda ved fjorden etter 2 veker langt borte frå snø og kulde. I dag køyrde mi kjære og eg heim etter vegar der det låg snø på vegkantane. Bak oss låg minna om øya i sør der sola varma våre kroppar og solvinden ruska i håret. Det vesle eg har att av det, då.         
Med eit av Norwegian sine nyaste fly drog vi sydover. Det var ikkje mykje vi såg utanfor flyvindauget på turen. Skyene la seg raskt tette under oss. Nokre små glimt av snøkledde fjell over Skotland fekk vi, men lite meir før fjellet Teide på Tenerife dukka opp av skyhavet.
Ikkje lenge etter kunne vi sette føtene ned på ferieøya sin grunn for første gong.

Vi måtte vente lenge på bagasjen vår, men tilslutt var vi på plass i bussen som skulle ta oss til husværet vårt under dei to vekene. Mariposa del Sol, Solsommarfugl, vest om Arguineguin. Eit terassehotel på 8 etasjer.
Så var vi der. Eg overlet til mi kjære ordna det praktiske med innlosjeringa. Kabelheisa tok oss opp til 4 etasje der vårt husvære var.
Inga luksussuite men greie og romslege rom, og med stor terasse utanfor. Her skulle det verte fint å ete frukost, og å sitje utover i kveldmørkret. Trudde vi. Det var før vi fekk røyne at den draumen kom til å halde seg på god avstand. Men mellom fjell og nabohotell hadde vi utsyn mot det blå Atlanterhavet.
Lenger nede i gata låg ein Sparbutikk der vi fekk handla oss brød, pålegg og kaffi for kveld og morgondag.
Så kunne vi setje oss på terassen og nyte utsynet til fjellkanten med korset på toppen, det store hotellet nede ved stranda, og havet, medan sola gleid ned mot havranda og vart borte i skyene ute i vest.

Då hennar strålar forsvann var varmen brått borte og klimaflyktningen frå bygda i nord byrja å fryse. Det hadde han ikkje venta seg, her langt i sør, utanfor vest-Afrika.
Han kraup tidleg til sengs for å få varmen i seg igjen, men å finne seg til rette i senga var ikkje lett. Han kjende seg meir som ei sommarfuglåme i sitt puppeskal, og sakna si store, gode, dyne. Neste morgon vart det refs frå mi kjære, då senga såg ut som om ho hadde vore utsett for stormfullt vær gjennom natta. Diverre var det nok vandraren si urolege nattekvile som var årsaka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar