mandag 13. februar 2012

El Cruz


Så rann første dag på ferieøya i sør. Ikkje med sol. Det var gråe skyer på himmelen denne første morgonen.
Frå vårt husvære hadde vi ei gråbrun, turr, ørkenliknande, åsside midt imot. Havet såg vi ein trekant av mellom denne åsen og nabohotellet.
Oppe på toppen av åsen, ut mot kanten, der den braut av ned mot stranda, var det reist ein kross. Frå det lysna av dag og til mørkret var der om kvelden, var der ein jamn straum av menneske som klatra opp lia til krossen. Nokre returnerte ned att same vegen, medan andre vandra vidare inn over åsen.

Vi hadde raskt fått god kontakt med paret i nabohusværet, og medan mi kjære prata med kvinna der, fekk eg løyve til å erobre krossen for første gong denne tidlege søndagsmorgonen.
Hoveddøra nede på gateplanet var låst, men då eit par andre låste opp for å kome inn, nytta eg høvet og smatt ut. Men på veg ned gata mot dalbotnen, dukka tanken opp. Eg skulle hatt med meg nøkkel for å låse meg inn att når mi utflukt var over. Men den var det mi kjære som hadde. Vel, eg får sende ei melding på mobilen om eg treng nøkkelhjelp.

Nede i dalbotnen fann  eg stien eg skulle gå opp lia. Det var god stigning oppover men greit å gå. Halvegs oppe gjekk der ein veg i dalsida, og der den svinga av vestover mot neste dal, byrja stien opp mot toppen.



Etter 20 min, der eg og hadde streva litt med å kontakt med mi kjære over mobilen - det gjaldt å få inn rette tala framfor mitt vanlege nummer heime - kunne eg puste ut ved el cruz og nyte utsynet.
Austover såg eg Patalavaca, området der vårt husvære låg, og lengst borte hamna i Arguineguin. Nede ved stranda låg to store hotell, men vårt kvitblå husværehotell synte godt att oppe i lia over det store Doñana-hotellet. Og såg eg godt etter kunne eg sjå mi kjære sitje på terassen.

Vestanfor hadde eg Anfi med det store Lyngsenteret ned for meg, og lenger vest Balitohøgda med sine husvære-hotell.


Når eg vende ryggen mot havet, låg dalen der den norske skulen og Villa Marina låg nede i dalbotnen. Og over dalen såg eg åsane innover mot Aruineguindalen i det fjerne.
Men det fekk vente til ein annan dag. Idag fekk det halde med å ha erobra krossen. Derfor vandra eg stien innover åsen til eg kom inn på vegdelet lenger inne, og så barst det motstraums dei andre vandrarane, nedover til hotellet att.
Vel nede synte det seg att mi otte for manglande nøkkel var utan grunn. Hoveddøra var open. Og oppe på terassen fekk eg skryt av naboen for å vere sprek. Eg tok imot, men sa ingen ting om svetten og den tunge pusten på vegen opp.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar