Du er gal, sa mi kjære.
Og kanskje har ho rett.
Eg hadde vore ute og gått ein tur, og var nok litt for godt kledd. I alle fall vart eg varm og svett før eg kom meg heim.
Og då sa han til seg sjølv, at no - no var det på tide med året sitt første sjøbad.
Og for å kunne bevise det, måtte ho vere med for å stadfeste i foto at kallen hadde vore ut i sjøen.
Eg skal ikkje underslå at eg har kjent det varmare, men og kaldare.
14. mai 2010 - klokka 13.15
Lufttemperatur knapt 16 grader + og svak sol.
Vindstille og 9 grader + i sjøen.
Det vart ikkje nokon lang symjetur,
men no er min sjøbadsesongen 2010 offisielt opna.
Brrrr - ikkkkje det sllaaag kaaaldddt; som ei av våre døtre sa eingong.
Ho har heilt rett, du er galen. Men sikkert sunt!
SvarSlettTorbjørg og Leif
Ikkje verst!!!
SvarSlettDu e rett å slett tøff:)
Tone
Tøff eller gal? Tja.
SvarSlettDet er vel noke med tore å bryte sine gamle og inngrodde reglar for kva ein kan gjere. Medan ein i alle år har hatt ein person inne i seg som ikkje har fått utfaldingsrom.
No er eg så gamal at eg gidd ikkje å halde han innestengd lenger.
Så får eg før vere litt gal.
Av og til.