fredag 14. mai 2010

Året sitt første


Du er gal, sa mi kjære.
Og kanskje har ho rett.
Eg hadde vore ute og gått ein tur, og var nok litt for godt kledd. I alle fall vart eg varm og svett før eg kom meg heim.
Og då sa han til seg sjølv, at no - no var det på tide med året sitt første sjøbad.
Og for å kunne bevise det, måtte ho vere med for å stadfeste i foto at kallen hadde vore ut i sjøen.


Eg skal ikkje underslå at eg har kjent det varmare, men og kaldare.
14. mai 2010 - klokka 13.15
Lufttemperatur knapt 16 grader + og svak sol.
Vindstille og 9 grader + i sjøen.
Det vart ikkje nokon lang symjetur,
men no er min sjøbadsesongen 2010 offisielt opna.
Brrrr - ikkkkje det sllaaag kaaaldddt; som ei av våre døtre sa eingong.

3 kommentarer:

  1. Torbjørg og Leif14. mai 2010 kl. 15:15

    Ho har heilt rett, du er galen. Men sikkert sunt!
    Torbjørg og Leif

    SvarSlett
  2. Ikkje verst!!!
    Du e rett å slett tøff:)
    Tone

    SvarSlett
  3. Tøff eller gal? Tja.
    Det er vel noke med tore å bryte sine gamle og inngrodde reglar for kva ein kan gjere. Medan ein i alle år har hatt ein person inne i seg som ikkje har fått utfaldingsrom.
    No er eg så gamal at eg gidd ikkje å halde han innestengd lenger.
    Så får eg før vere litt gal.
    Av og til.

    SvarSlett