torsdag 28. januar 2010

Snø

Så snør det igjen.
Rett nok, ikkje så mykje, men nok til at det krevst arbeid med å få den bort frå gang- og garasjevegar.
Og endå meir arbeid når plogen på bilvegen har gjort sitt, og lagt store snøbardar der det nettopp var open veg.


Snø.
Dette stille, kvite som dalar ned og legg ei dyne over hus og mark, over buskar og tre.
Eg må tilstå, at sjølv om eg ikkje er glad i arbeidet med den, så er det vakkert når snøen si kvite dyne legg seg ute.
Kvifor strevar vi slik med å fjerne det?
Om nokre månader renn det vekk sjølv, heilt utan vår hjelp.


Kva seier dei om snø, dei som har evna til å forme ord i rim og vers?
Spranget er stort, også hos dei.
Frå Knut Hamsun, som eg må sei meg samd med når slitet med å fjerne det kvite vert for stort. Eller når det lavar ned i slike mengder at eg ser med uro opp i fjellet, i otte for den kvite fare som kan true både liv og eigedom. Då er sansen for det vakre ved den, på eit lavmål hos meg.


"Jeg liker ikke sne, jeg pines ved synet av den, og min fornuft skjønner intet annet av den enn dens evige og naturstridige idioti."

Olaf Bull derimot, ser det store, kosmiske, perspektivet i vinterens kvite dyne.
"Hva er det å sne?
Hele himmelens vesen,
hele rommets lengsel
stormer ned i det!"


Men danske Helge Rode er nok den av desse tre som vinn mest gjenklang hos meg med sitt vakre, lyriske, ordmåleri om "sne".

Der er ingenting i verden så stille som sne,
når den sagte gennem luften daler,
dæmper dine skridt,
tysser, tysser blidt
på de stemmer,
som for højlydt taler.


Der er ingenting i verden af en renhed som sne,
svanedun fra himlens hvide vinger.
På din hånd et fnug
er som tåredug.
Hvide tanker tyst i dans sig svinger.


Der er ingenting i verden, der kan mildne som sne.
Tys, du lytter, til det tavse klinger.
O, så fin en klang,
sølverklokkesang
inderst inde i dit hjerte ringer.


Denne vinteren har vi vore velsigna med skikkeleg, stabilt vintervær.
Så langt.
Ikkje eit stadig skifte mellom snø, sludd og regn, og med kuling og storm i tillegg.
Og værmeldinga i kveld lova at ei ny , stabil, vinterveke er i kjømda. Berre vi vert ferdige med dette snøværet frå nord som vi har no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar