søndag 24. januar 2010

Unyttige tenarar

På same måten skal de seia: Vi er unyttige tenarar, og har berre gjort det vi skulle. Luk 17,10

John Michelet skriv i nettboka si, at for to år sidan sette han seg på trimsykkelen for å høyre ei radiogudsteneste. Preiketeksta var om dei uverdige tenarane. Han høyrer at presten er ikkje heilt komfortabel med teksta, og etter ei stund forlet den for å ta opp eit anna tema som engasjerar meir.
Michelet sjølv tek etter gudstenesta sin Bibel og les kap 17 hos Lukas.
Og orda han les, syner han ein streng, nesten arrogante Lukas, som brukar ord som byr Michelet imot. Ein herre/tenar situasjon som gjer han kvalm. Tenaren skulle dengt herren og sagt opp stillinga si. Då hadde han vore ein verdig mann.

Unyttige tenarar
Det er nok ikkje berre Michelet som ikkje er heilt komfortable ved Jesus sine ord.
For orda passar vel ikkje inn i vår tids sosial-demokratiske tankegong?
Eg kjenner at heller ikkje eg er heilt komfortabel med dei.
Unyttig.

Eg leiter opp nokre eldre omsettinga for å sjå om der var brukt ord som smakar betre.
I min første Bibel frå 1938 står det: uturvande – unødvendige
I min neste Bibel frå 1978 står det uverdige,
Og altså, no i den siste omsettinga er det brukt - unyttige.
Det er sterkt . Eg hadde gjerne bruke mildare ord.
Det er vel kanskje derfor at ei anna nytestamentutgåver omskriv og mildnar orda:
Vi er berre vanlege, enkle tenarar.

Eg vil gjerne ha litt anerkjenning, -- litt ros for tenesta mi i Guds rike,
Eit lite klapp på hovudet. Flott, Harald, Der var du flink.
Men unyttig – uverdig – unødvendig – gir meg ikkje mykje av det slaget.

Jesus let desse tenarane seie eit ord til; Vi har berre gjort skuldnaden vår.
Det vi er skuldige til å utføre
Vi har berre gjort plikta vår, står det i ei anna omsetting.
Og skuldige -- pliktige -- er vel og ord som vår tid ikkje likar å bruke.
I dag tykkjer eg omkvede er - Eg likar ikkje å vere pliktige noko.
Eg vil vere fri til sjølv å velje kva eg vil.
Eg vil vere min eigen herre med min eigen verdi.
Nei, eg likar ikkje ordet plikt
Det høyre til i ei tid som er forbi.
Eg vil ikkje ha korkje plikt på meg .. eller vere unødvendig
Eg vil realisere meg sjølv .. vere fri og sjølvstendig

Men som Kristustruande kan eg vel ikkje la den til ei kvar tid -- moderne livstolking --- bestemme mi tolking av Jesus sine ord.
Eg bør vel søkje der kjelda er, og ikkje søke ved ein forurensa bekk. Forurensa av vår tid si tidsånd
Så la meg stanse her, og ta eit anna spor vidare.


Dersom eg bladar litt i Lukasevangeliet, så ser eg at denne teksta ikkje seie alt om forholdet mellom Gud / Herren og oss / tenarane
I 12 kap les eg at dei gode og trugne tenarane vert prisa sæle, og at Herren sjølv skal setje dei til bords og gå dei tilhende. Ja han skal setje dei over det han eig.
Og i kap 19 les eg at truskap i det små skal lønast med det som er meir, med det som er større.
Derfor må eg kanskje gå bort frå vår moderne oppfatning av orda uverdig/unyttig og skuldig / plikt.
Eg må søkje andre perspektiv på Jesus sine ord enn mi første kjensle gir meg.

Matteus har ei anna forteljing om vingarden
Ei forteljing om vingardseigaren som hentar sine arbeidarar på torget, heile dagen igjennom. Og når kvelden kjem og løna skal betalast ut, får alle same betaling, uansett kor lang arbeidsdag dei har hatt.
Og kva fortel det meg?
Det betyr vel ikkje at Gud handla urettferdig?

Kanskje fortel det meg at ingen kan gjere seg fortente til Guds nåde?
At nåden vert gitt -- gratis.
Av Hans overflod har vi alle fått. Nåde over nåde, skriv Johannes.
Nåde over nåde.
Der er kjelda som han let meg drikke av.
Ikkje av mi forteneste, heller ikkje som ros for mi teneste i vingarden,
men nåde får eg, nåde over nåde.
Meir enn eg synest eg fortener.
Meir enn eg kan drøyme om.

Nåde at han fant meg
Kjærlighet som vant meg
Nåde at han bar meg til sin fold, --- lyder det i eit songvers.
Der er det eg er – eg som berre er ein uverdig tenar i hans vingard,
For er det ikkje nåde at han også seier til meg: Kom og ver min tenar i vingarden min.
For det å vere ein kristen, det er å vere ein tenar.
Hans tenar
Eg las at på den svenske erkebiskopen, Nathan Söderblom si grav, står orda frå Lukas 17:
När ni har gjort allt som är befalt, då skall ni säga ”Vi är bara ringe tjänare, vi har bara gjort det som vi är skyldiga att göra.”
Skuldige til å gjere -- står det på ein stor kristen hovding si grav.
Vår plikt var det ei omsetting som brukte.
Mi plikt?
Det er mange som kan fortelje betre om kva den plikta inneber enn eg.
Med meg har det vorte mest strev.
Etter eit langt liv, er eg komen ned på grunnfjellet igjen.
Til det eg har funne er kjerna i all teneste.
Til det som eg trur må vere sentrum i alt vingardsarbeid,
kvar i vingarden arbeidet enn vert gjort.
For om ikkje det er sentrum, vert alt berre strev og jag etter vind.

Og då er eg ved det andre store ordet i songverset;
Kjærleik
Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller klingande bjølle.
Om har profetgåver og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, ja, om eg har all tru så eg kan flytte fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting.
Og om eg gjev alt eg eig til dei fattige, ja om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då gagnar det meg ingen ting, skriv Paulus.
Og då er det ikkje mi evne til å gi kjærleik, til å elske, det er snakk om.
Men at eg som har fått del i Hans nåde, hans kjærleik, og at eg er ein spegel som reflekterar den ut til min neste,
Mi store teneste i Hans vingard er å gi vidare Hans kjærleik.
Vere Hans kjærleiks sendebod ut mine sysken på jord.
For det er Han som er min Herre-
Og eg?, - eg er Hans tenarar som tener Han i Hans vingard.
Han sa: Ver i meg, som eg er i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på treet. Så kan ikkje de heller bere frukt utan at de er i meg.
Den som har orda mine og held dei, han er det som elskar meg.
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han.
Og:
Dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at Han har elska oss, og sendt Son sin til soning for syndene våre.
Vær i min kjærleik.
Så vert det å vere ein kristen å vere i denne kjærleiken, i denne nåden,
og å gjere skyldnaden sin mot den.
Der er eg berre ein unyttig tenar som gir vidare det eg alt har fått, av plikt mot den same kjærleiken
I dette perspektivet vert teksta ei markert understrekning av at det å få del i Guds herlegdom – det er nåde frå Gud – det er kjærleik frå Gud.
Og berre det.
Ser eg det, då kan eg stemme i med tenarane :
Eg er ein unyttige tenar som berre har gjort det eg skulle,
- og kjenne at det er sant.
For alt er gitt meg av Han som kallar meg til teneste for seg - i Hans vingard

Eit bilete til slutt. I Sjåk er der i dalsidene laga grøfter som leier vatn frå fjellet og ned i den turre dalen. Vassvegar er dei kalla. Deira einaste oppgåve er vere der for at vatnet frå høgda skal kome ned og gjer si gjerning på turre marker. Slik kan eg og sjå mi teneste i Guds vingard. Det er å vere ein open vassveg for at Guds nåde og Guds kjærleik kan renne gjennom meg, renne vidare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar