søndag 17. januar 2010

Antonmesse


Primstaven har den 17.januar ein kross som merke for Antonmesse.
I dag skulle eg derfor hatt bilete av soloppgongen over øydemarka mellom Nilen og Raudehavet i Egypt. Det har eg ikkje, derfor vert det raudfarga morgonskyer over fjella langs Langfjorden i Romsdal.

På pilegrimsturen til Skotland i 2002, kom vi første dag til regionen Dumfries og Galloway i sydvest Skotland. Rett før byen Dumfries ligg der ute ved kysten ei lita kyrkje i Ruthwell. Den er delvis bygd for å gi rom for ein gamal angel-saksisk steinkross.
Den kyrkja vart første stogg på vår pilegrimsferd i spora etter dei gamle keltiske heilagmenn og kvinner.


Dei angel-saksiske steinkrossa er nokså like dei frå keltisk område, og er frå om lag same tidsperiode, 500-1000.e.Kr. Men dei angel-saksiske manglar dei keltiske sin ring om krossarmane. Slik krossane på Ørsta kyrkje viser.

I Ruthwellkyrkja er det inne i koret gitt plass for ein slik kross. Den er dekorert med bilete frå Jesu liv, og runeinskrifter med sitat frå eit diktverk om Kristus på krossen. ”The dream of the rood”, truleg av St.Hilda eller St.Caedmon, begge frå Whitby i Northumbria.

Kva har denne steinkrossen med Antonmessa å gjer?
Anton er ei fornorsking av Anthonius, og han var ein koptisk kristen som levde om lag samstundes med, og var ein god ven av Athanasius på 300-talet.
Anthonius er rekna som grunnleggaren av det første klosteret i Egypt si øydemark.

Ein dag vandra han avgarde for å vitje ein annan av øydemarka sine einebuarar, Paulus av Theben. Og medan han var der, kom ein ramn til dei med eit brød i nebbet.
Dette brødet delte dei mellom seg i eit nattverdsmåltid.
Og 400 år seinare vert biletet av dette måltidet, hogge inn i Ruthwell-steinen, som eit av motiva på nordsida av den.


Der er sterke teikn som viser samband mellom Egypt og dei keltiske områda i vest, og Anthonius og ørkenfedrene i Egypt vart inspiratorar til dei keltiske einebuarane som drog ut i si øydemark. Avsidesliggande øyar og skogar var deira ørken, og dei la ut på havet i båtar utan segl og årar, og let vind og straum føre dei til ukjende strender.

Gud viste menn og kvinner i vest vegen, og slik kom dei og til våre kystar. Selja, Kinn og Moster har minne om dei, og langs kysten kan vi enno finne mange gamle steinkrossar som viser sambandet vårt vest over havet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar