tirsdag 12. januar 2010

Britemesse

I går, 11.januar, var det Britemesse.
Dagen har mange namn etter kva område av landet ein er i. Årsaka ligg i at Brite er ei fornorsking av eit namn som lydde framandt for norske øyre.

I 2002 var mine tre medvandrar frå Via Podiensis, og eg, på pilegrimsferd til gamalt norsk land i vest, til det som for lenge sidan vart kalla Sudrøyane. I dag er det Hebridane, på vestkysten av Skotland.
Vi reiste i far til Torbjørg, Nils Eide, sine spor frå 50-talet til ei lita øy der vest.

Vi fylgde ein Bibelselskaps tur med Harald Olsen som guide, til den vesle øya Iona og det gamle klosteret der. Det er no senter for ein komunitet, bygd på gamle keltiske trusverdiar. Øya høyrer til Indre Hebridane.

Til den øya kom St. Columba på 600-talet, etter å ha vorte landsforvist frå Irland. På Iona bygde han eit samfunn av keltiske einebuarmunkar.
Eit par hundre år seinare kom våre landsmenn og herja kysten og øyane, og la området under norsk herredøme.

Den keltiske kyrkjetradisjonen vart seinare tvinga inn i romersk/katolsk kyrkjetradisjon, men den keltiske trusverda overlevde gjennom hundreåra, på vestkysten av Skotland.
Og på 1800-talet vart den gjenoppdaga. Og bøner og vers frå denne trusverda vart samla inn ved ein skotte med namnet Carmichel, og han gav så ut samlinga Carmina Gadelica.

Eg kjøpte denne samlinga av gamle bøner og vers, og der fann eg Brite ofte nemnd. Men då under hennar keltiske namn, Brigid. Vert også skrive som Bride.

Ho gjekk i den keltiske tradisjon inn i ein funksjon som kan falle saman med Maria, men då som Jesu fostermor. Men ho er og nemnd som den gaeliske Maria. Mary of the Gaol.
Ho levde på 400-talet, og hennar foreldre var ein irsk, heidensk, høvding, og ei kristen, pictisk, slave som var døypt av St. Patric.
Brigid grunnla det første nonneklosteret i Irland.
Saman med Patric og Columba er ho Irland skytshelgenar.
Men legendene om henne tek nok også opp i seg gamle, førkristne, druidetradisjonar.

Men at ho også hadde og ein status her i landet, det viser dagen på primstaven. Britemesse.
Hennar merke er ein kross, voven av halm.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar