onsdag 27. januar 2010

Morgonrode


I går morgon var det denne vakre roden inn over Romsdalsfjella.
Det er ikkje mange stader i Bibelen at vi finn morgonroden nemnt. Endå så vakker den kan vere.

Ein av stadane er Salme 139. I den salmen undrast David (kongen?) kvar han kan røme for å kome undan Guds Ande. Det er ikkje få som prøver på det same, også i vår tid. Men slik Gud er skildra i Bibelen, er ikkje det noko enkel sak. Vi kan nok tru vi klarer det, men eg er redd for at det er vårt bilde av Gud vi rømer frå. Gud er det verre å verte kvitt, for i Han er det vi lever, rører oss og er til.(Ap.gj.17,28)
Den sanninga må også David erkjenne.

Kvar skal eg fare frå din Ande,
kvar skal eg røma frå ditt åsyn?
Fer eg opp til himmelen, så er du der,
og reier eg meg lege i dødsriket,
så er du der og.
Tek eg morgonrodens venger på
og slår meg ned der havet endar.
så fører du meg jamvel der,
di høgre hand ho held meg fast.
Sal 139, 7-10

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar