lørdag 16. januar 2010

Vinter på Nesje

Det er ikkje så kaldt i dag. Celsiusgradene ligg omkring null.
Men frå sør-aust, ned gjennom Romsdalen og ut Rødvenfjorden, kjem vinden mot Nesjelandet.

Del er full flo, og bylgjene bryt heilt opp i snøkanten.

Utover Romsdalsfjorden, mot fjella vest om Tresfjorden og Tomrefjorden, er det lite av solglytt å sjå. Men her lenger inne i fjorden skin sola på dei gamle nausta.
Skogkledde Sekken er nærast i sør.

Grenda sin gamle skule har bygda teke over og pussa opp til sitt eige grendahus.
Og langt inne,over skogkledde lier,reiser Stor-Skåla seg.

Over snødekte marker, og inne i skogen, ser eg spora etter elg og rådyr.

Så ligg husa på Nord-Nesje framfor meg i solkledd vinterfred. Mi kjære Bodil sin barndomsheim.

Her på Nord-Nesje vender utsynet og landet seg mot nord. Mot Fannefjorde, Bolsøya og fjella utover mot Moldeheia.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar