mandag 10. august 2009

Avisa Valdres 2006


Etter vandringa i 2006, hadde eg eit stykke i Avisa Valdres.
Dette har eg funne at på www.pilegrim.info
Her er mi forteljing frå 2006.


Pilegrim i Valdres
Vandring gjennom Valdres, frå opninga av pilegrimsvegen
Harald Sætre, Avisa Valdres 20.07.2006


23. juni byrja pilegrimane som skulle gå pilegrimsvegen gjennom Valdres å samle seg på Ildjarntunet i Hedalen. Leiarar på turen var soknepresten i Vestre Slidre, Tordis Ødegaard og Jahn Børe Jahnsen frå Valdres Folkemuseum.


Slik kan ein rast på pilegrimsvandring vere, her ved Vangsmjøsa med Bergsfell i bakgrunnen.

Utanom desse to var vi om lag 40 vandrarar, frå Fauske i nord til Mandal i sør. I alder frå om lag 20 til 70 år, og med kvinnene i klart fleirtal. Tidleg jonsokdag hadde vi keltisk morgonbøn i Hedalen stavkyrkje. Etter ei lita samling på kyrkjebakken, var det klart for ordføraren i Sør-Aurdal å klippe den raude snora, og med det markere at pilegrimsvegen gjennom Valdres var opna. Sekkene kom på og 40 par føter byrja å gå.



Naturoppleving
For underteikna vart vandringa ei naturoppleving av dei store. Heile vegen vandra vi mellom blomstrar i mengder og i eit stort artsmangfald. Dei to første dagane var ei vandring over åsar, myrar og i stor granskog. På stiar og etter skogsvegar, forbi småvatn og setervollar. For ein som har vakse opp mellom fjord og fjell, var dette eit nytt landskap. Vi gjekk for det meste etter den gamle prestevegen mellom Hedalen og Reinli kyrkjer.

Etter å ha vandra over åsane og vassa over Muggedøla, vandra nye åsar og myrar, kom vi om kvelden fram til Smørhølet. Der hadde Sør–Aurdal sokneråd stelt fint til for oss med god og varm mat, og telt for overnatting. Men Smørhølet svara ikkje til namnet den kvelden og natta. Vinden hadde dei inga styring med. Det bles kaldt då vi var der, så natta vart kanskje i lengste laget for nokre av oss, og på morgonen kom regnet. Men kven har sagt ein skal ha berre gode dagar på si ferd, også det sure og leie hører med. Smørhølet vart også eit minne som vi tek med oss vidare.


Luksuspilegrimar

Neste dag bar det vidare gjennom skog og forbi setrar ned mot Bagn og så til Reinli. Sokneråda i Valdres hadde på heile vegen ordna med god overnatting og velsmakande mat, og det var ordna med ein fylgjebil som frakta bagasjen vår. Under vandringa bar vi berre med ein liten sekk med det vi trong for dagen. Slik sett var vi ein flokk luksuspilegrimar. Det er nok ikkje alle pilegrimar som får oppleve slik service undervegs.

Gode opphald fekk vi heile vegen oppover dalen. Utanom teltnatta i Smørhølet fekk vi nytte skular. På Fossheim i Røn fekk vi hytter med seng å ligge i. Siste natta, på Kyrkjestølen, kom vi nærare vanleg pilegrimsstandard. Fire av oss mennene sov "godt" den natta også på lasteplanet i fylgjebilen, til selskap av svirrande mygg. I tillegg til dei som stilte opp for oss med middag og frukost, var alle dei som stod langs vegen med kald drikke og gode kaker med på å gi oss mange gode minne.

Jernbanetraseen
Reinli stavkyrkje var andre kyrkja vi besøkte på vandringa, så fylgde, Aurdal og Ulnes kyrkje, Mo kyrkjeruin, Slidredomen, Lomen og Høre stavkyrkje. Heensåsen kyrkje og Øye gjenreiste stavkyrkje før vi kom fram til St. Tomaskyrkja.

Tredje dagen gjekk vi frå Reinli om Sundvollen til Aurdal kyrkje. Derifrå fylgde vi traseen til den nedlagde Valdresbanen fram til Leira. Eit stykke av den hadde pukkunderlag, ikkje det beste når ein har litt gnagsår, men ein representant for kommunen lova på Fagernes at dette skulle rettast på, det skal verte god gang og sykkelveg der det i dag er pukk og laus sand. Undervegs vart det eit besøk hos Jul Haganæs som fortalde om Knut Hamsun si tid i Aurdal.

Heimekjent
Fjerde dag bar vegen forbi Fagernes og bratt opp Bergastigen til kvileplassen med praktfull utsikt over bygdene rundt Strandefjorden.

Femte dag berre 12 kilometer til Slidre. Reine kviledagen, men ein solvarm dag. Sjette dag det lengste stykket frå Slidre til Hensåsen. For ein vestlending kjendest det heimekjent å kome inn mellom fjella med fossande elvar igjen, og sjå mørk granskogen verte bytt med ein lysare grøn lauvskog. Sjuande dag kom vi ned til Vangsmjøsa og til Øye, med ein rast ved kvernhusa ved Vennis. Vel framme på Øye hadde vi kveldssamlinga vår inne i den enkle, men vakre stavkyrkja.

Så stod siste vandringsdag for døra. Over fjellet frå Øye til Filefjell. Vel framme ved kyrkja gjekk vi inn og la våre stavar og blomar på altaret. Ei pilegrimsvandring frå Hedalen stavkyrkje til St. Tomaskyrkja på Filefjell var over.



Syftesok
Søndag 2. juli var det Syftesok, dagen for det gamle Syftesokstemnet på Filefjell. Det er messe i kyrkja. Relikvieskrinet frå den gamle kyrkja skal berast inn i den nye St. Tomaskyrkja. I prosesjonen er vi som har vandra vegen med.



Messa er over, det er tid for farvel og takk for fylgjet. 10 dagar har mange av oss vore saman og åtte dagar har vi delt vegen. Forventingane til turen var nok ulike, slik ståstadene i tru også var. Likevel trur eg vandringa gjorde noko med kvar enkelt, noko kanskje ikkje minst presten vår, Tordis, hadde æra for med sine ord til ettertanke:

– Takk til mine medvandrarar for varme og venskap.
– Takk til alle valdrisar eg møtte langs vegen.
– Takk til Jahn Børe Jahnsen og Tordis Ødegaard for alt dei gav.

Kvifor ikkje setje av nokre dagar til å gå pilegrimsvegen gjennom Valdres, heilt eller delvis. Der ligg opplevingar og ventar. Den beste tida må vere midtsommar med alle blomane langs vegen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar