torsdag 23. juli 2009

Orgelkonsert i havgapet

Sommaren på ytre Søre Sunnmøre byr på så mangt.
Vakker natur ut mot havet, skiftande ver, fergeturar, yrande fugleliv og fiske i fjord og elvar.
Men og spennande musikkopplevingar på ei øy ut mot storhavet, Sandsøya.



I Sande kyrkje har Wolfram Syré, organist i Sande, gjennom 9 somrar bode inn til store musikkopplevingar. Han kallar det; Orgelsommar i Sande Internasjonale Orgelfestiaval.
6 konsertar kvar sommar i juli og august.
Og internasjonalt er det.
Musikkarane er henta frå Tyskland, Austerrike, Storbritania, Finland, Belgia , Norge osv.
Og det er ikkje berre orgel men, piano, sang, trekkspel, fele, gitar osv.
Det brukar vere to utøvarar på kvar konsert som vekslar i si framføring.

I går, 22.juli var det ny konsert i kyrkja på Sandsøya.
Veret var fint på starten av dagen, men mot kvelden tjukna det til frå sør, og så kom regnet.
Men kva gjer det, vi sit då tørt i bilen.
Skodda strøymer ut av Eiksundtunnellen i det vi køyrer inn, men vi er ikkje langt nede før det klårnar opp.
Framme på Larsnes ligg ferga og ventar, og folk strøymer til.
På Åram kjem det fleire frå Vanylven-sida av fjorden.
Billettøren rekk ikkje over alle, så då ferga legg til kai på Voksa, har vi, og mange andre enno ikkje fått betalt for turen.
På kaia ventar maxitaxi for dei som treng skyss fram til kyrkja på naboøya Sandsøy.

Framme i kyrkja vert vi bydd på kaffi og smørbrød. Nokre kvinner ordnar god mat til konsertfolket. Betal etter lyst.
Så benkar vi oss. Her treng ein ikkje vere redd for å sove, for benkane er av det gamle slaget: Eit kort sete inn mot ein loddrett rygg. Men der er komne puter på setet no. Det hadde dei ikkje i tidlegare tider.

Kyrkja fyllest opp med folk frå heile Søre Sunnmøre og endå lenger ut.
Feriefolk, fastbuande og turistar i lett blanding. Spente og forventingfulle.
Wolfram Syré kjem fram og ynskjer oss velkomne til konserten og introduserar musikarane.
I dag er det organisten i St. Gileskatedralen i Edinburgh, Micheal Harris, som spelar på orgelet, medan unge Karin Echoff Holsvik frå Syvde spelar flygel.

Så er det berre å finne ei god stilling, late att augene og nyte musikken.
På orgel får vi høyre stykke av Williams Faulkes, William Thomas Best, Eugène Gigout, Camille Saint-Saëns og Alfred Hollins.
Medan flygelet byd oss på stykke av Frédéric Chopin, Geir Tveitt, Claude Debussy, Johannes Brahms og Maj Sønstevold.

Det over for denne gong, og vi let applausen rulle under kyrkjetaket.
Ein siste kaffikopp og eit lite smørbrød vert det tid til, men vi må nå ferga på Voksa, den siste idag. (konsertane er lagt i tid slik at dei høver til fergeavgangane, til og frå.)
Salongen på øvre dekk fyllest opp. Folk kosar med utsynet over fjorden og øyane medan praten går.
Billettøren dukkar opp denne gongen og vi får betalt både for turen ut og turen inn.

Takk til Harris og Echoff Holsvik for musikken.
Takk til Syrés med medhjelparar som organiserar det heile.
Vi kjem att til nye musikkopplevingar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar