Paulus skriv slik om den domen i Romarbrevet: "Han skal løna kvar og ein etter det han har gjort: Dei som trufast gjer det gode og søkjer herlegdom, ære og uforgjengelegdom, skal få evig liv. Men dei som berre tenkjer på seg sjølve, som let seg leie av uretten og ikkje lyder sanninga har vreide og harme i vente." Det er den personlege domen over våre liv som står for døra.
Og i alle rettsaker er der domarar, forsvararar, aktorar og rettstenarar.
Sentralt i tympanumet sit den som har domsmyndet, Menneskesonen Jesus Kristus. Johannes skriv at Gud har gitt han fullmakt til å halde dom fordi han er Menneskesonen. Vi ser at han sit på same plan som dei mennerska som enno lever. Som er i NO-tida. Men vi ser og at skiljet mellom notid og framtid er brote over hovudet hans. Det tyder at Han ikkje berre skal døme oss når vi døyr og går til dødsriket, men at det også er han som dømer i den endelege domen, når æva bryt inn og himmelen vert rulla saman som ei bok.
Men vi finn og ein rettstenar. Ein engel. Det er erkeengelen Mikael som sit der med si skålvekt og veg gjerningane våre. Vi ser han har ein motpart, ein demon prøver seg med eit lite tjuvtriks. Ein finger bort på eine skåla for å gi den ekstra tyngde ned.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar